Only the Strong Survive

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«Only the Strong Survive» er ein song skriven av Jerry Butler, Kenny Gamble og Leon Huff og opphavleg sungen i 1968 av Jerry Butler. Songen kom ut på albumet hans The Ice Man Cometh. Det vart den mest suksessrike singelen hans i karrieren og nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100 og låg to veker på toppen av Billboard Black Singles Chart, i mars og april 1969.[1]

«Only the Strong Survive» vart den første av to singlar som fekk platinaplate hos RIAA i USA for over ein million selde eksemplar (den andre var «Ain't Understanding Mellow» i 1972).

Elvis Presley (1969) og Billy Paul (1977) spelte òg inn versjonar av denne songen. Ein annan versjon av songen vart spelt inn av The Trammps i Nederland i 2003. Denne minnar mykje om Billy Paul-versjonen. Songen finst på samlealbumet Only the Strong Survive (Sony).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 95.