Open Vlaamse Liberalen en Democraten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Open Vlaamse Liberalen en Democraten

Skipa2007
HovudkontorBrussel
LeiarGwendolyn Rutten, Egbert Lachaert, Tom Ongena
Ideologikonservativ liberalisme, proeuropeisk
Medlemmer63 239
Nettstadhttp://www.openvld.be Sjå dette på Wikidata

Open Vlaamse Liberalen en Democraten (Open VLD, norsk «Opne flamske liberale og demokratar») er eit flamsk liberalt politisk parti.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Partiet la til Open i namnet sitt i 2007 etter samanslåinga med Vivant og Liberaal Appèl. Før det var partiet berre kjent under namnet Vlaamse Liberalen en Democraten (VLD), og før 1992 som Partij voor Vrijheid en Vooruitgang (PVV).[1]

Soge[endre | endre wikiteksten]

Partiet vart danna i 1970 etter at det dåverande belgiske liberale partiet vart delt i to: eit flamsk og eit franskspråkleg parti, Mouvement Réformateur. Fram til då hadde dei liberale kjempa for ei einingsstat.

På tidleg 1990-talet var VLD eit ideologisk frimarknadsparti, men som seinare har bevegt seg mot sentrum. Partiet har vore sterkt konsentrert rundt Guy Verhofstadt, som var partileiar i tre periodar og statsminister i ni år. Partiet er òg representert som ein av dei største nasjonale gruppene innanfor Alliansen av liberale og demokratar for Europa.

Ved det belgiske valet i 2007 danna VLD ein valallianse med dei andre liberale partia Vivant og Liberaal Appèl, dette vart i ettertid eit formelt samla parti.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Geschiedenis», Open Vld (på engelsk), henta 5. mars 2023 
  2. «VLD-Vivant wordt Open VLD» (på flamsk). De Tijd. Henta 5. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Open Vlaamse Liberalen en Democraten