Operaen Boris Godunov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Boris Godunov
Chaliapin Godunov 1912.jpg
OriginaltittelБорис Годунов
MusikkModest Musorgskij
Premiere27. januar 1874
PremierestadMariinskij-teateret

Boris Godunov er ein opera av Modest Musorgskij. Han var den einaste operaen Musorgskij fullførte, og er rekna som meisterverket hans.[1][2] Verket tek for seg konflikten mellom Boris Godunov, som var tsar frå 1598 til 1605, og rivalen hans falske Dmitrij (herska frå 1605 til 1606). Den russiske librettoen blei skriven av komponisten, og bygde på Aleksandr Pusjkin sitt drama frå 1825, Boris Godunov. Den reviderte versjonen frå 1872 bygde òg på Nikolaj Karamzin si 'Historia til den russiske staten' og Ivan Tsjudjakov si 'Mellomalderens Russland' (1867).

Musorgskij skreiv første versjon i åra 1868–1870. Versjonen, som var på fire atter og sju scener, blei forkasta av teaterleiinga i St. Petersburg. På bakgrunn av den uvanlege ekspressiviteten til musikken, ein nymotens «klumpa» instrumentering og fråvere av musikalsk form, rekna dei den som amatørmessig. Dei etterlyste òg ei leiande kvinnerolle.

I 1872 gjorde Musorgskij ferdig den versjonen som er mest kjent. Dei største endringane er ein prolog og tre nye scener som gav rom for rolla Marina Mniszech. Denne versjonen blei uroppført 27. januar (jul.)/8. februar (greg.) 1874 i Mariinskij-teateret i St. Petersburg. Etter 25 framføringar han teken av plakaten, av openberre politiske grunnar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Calvocoressi, Abraham (1974: s. 98, 138)
  2. Brown (1986: s. 31)

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Rolf Fath: Reclams Opernführer. Stuttgart 2002 ISBN 3-15-010511-0.
  • David Lloyd-Jones: Zum Schicksal der Boris-Komposition. I Heinz-Klaus Metzger, Rainer Riehn (red.): Modest Musorgskij – Aspekte des Opernwerks i Musik-Konzepte 21. Forlaget edition text + kritik, München 1981, ISBN 3-88377-093-0, s. 45–68.
  • Clemens Wolthens: Oper und Operette Wien, Tosa 1967.
  • András Batta (med Sigrid Neef og Matthias Heilmann): Opera - Komponisten, Werke, Interpreten, forlaget h.f. ullmann ISBN 9783833120480

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Operaen Boris Godunov

Boris Godunov: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.