Modest Musorgskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Modest Musorgskij

Fødd9. mars 1839
FødestadKarevo, Pskov
Død16. mars 1881 (42 år)
DødsstadSt. Petersburg
FødenamnМодест Петрович Мусоргский
OpphavDet russiske imperiet
Aktiv1852–1881, 1881
Sjangerskodespel, klassisk musikk, opera
Instrumentpiano
Verka somkomponist, pianist, librettist, militær

Modest Petrovitsj Musorgskij (21. mars 183928. mars 1881) var ein russisk komponist.

Dei mest kjende verka hans er operaen Boris Godunov og klaversyklusen Bilde på ei utstilling. Han blir rekna som ein av dei mest særmerkte russiske komponistane på 1800-talet. Musorgskij døydde av mange års alkoholmisbruk berre 42 år gammal og etterlét seg mange ufullførte verk.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Musorgskij var yngste son i ein velhavande godseigarfamilie frå landsbyen Karevo ved Toropets i Tver oblast, om lag 400 km sør for St. Petersburg. Mora og ei tysk guvernante lærte han å spele klaver og åtte år gammal meistra han korte stykke av Franz Liszt. Som niåring framførte han musikk av John Field for eit stort publikum i foreldra sitt hus. Frå august 1849 fekk han klaverundervisning av Anton Herke, ein elev av Adolf Henselt.

Militær karriere[endre | endre wikiteksten]

Musorgskij frå tida på kadettskolen, ca. 1856

For å følgje familietradisjonen[1] begynte han i 1825 på kadettskolen i St. Petersburg der han hovudsakleg studerte historie og filosofi. Han var med i eit skolekor, og på religionslæraren si oppmoding arbeidde han med den ukrainske kyrkjemusikkomponisten Dmitrij Bortnjanskij og russisk kyrkjemusikk frå tidlegare på 1800-talet. Han skreiv sin første komposisjon på denne tida, ein polka som han dediserte medelevane, og som faren kosta på å få trykt. I 1856 blei han uteksaminert frå kadettskolen og gjekk inn i Preobajenskijregimentet, det eldste og mest prestisjefylte garderegimentet til tsaren. Via Aleksandr Dargomyzjskij og César Cui blei han kjend med Milij Balakirev som gav han den første formelle musikkopplæringa han fekk. Fram til nå hadde Musorgskij berre vore borti klavermusikk[2] og kjende så og si ikkje til nyare musikk, men Balakirev starta nå å fylle desse hola i kunnskapen til Musorgskij ved at han fekk studere dei store verka til Ludwig van Beethoven, Franz Schubert, Robert Schumann og Mikhail Glinka.[3]

Komponist[endre | endre wikiteksten]

Musorgskij forlét regimentet 17. juli 1858, men heldt fram samarbeidet med Balakirev. Under eit besøk i Moskva 1859 blei han etter si eiga utsegn påverka til å endre orienteringa si frå kosmopolittisk til russisk. Da tsaren oppheva liveigenskapen i 1861 fekk familien store problem slik at Musorgskij var på godset i to år for å hjelpe brørne sine med drifta. Dei økonomiske problema tvinga han til søke ei stilling i tsaren si forvaltingsteneste, og i 1863 fekk han ein post i ei ingeniøravdeling i kommunikasjonsministeriet, men trass ei tidleg forfremjing opplevde han periodar utan arbeid og løn. Romanen Kva bør gjerast? (1885) av Nikolaj Tsjernysjevskij fekk stor innverknad på det politiske miljøet, og inspirerte Musorgskij til å flytte inn i ein «kommune» med Milij Balakirev, César Cui, Aleksandr Borodin og Nikolaj Rimskij-Korsakov som gjekk under det ironisk meinte namnet Den mektige handfullen.

Balakirev var yrkesmusikar, dei andre amatørar som kjempa mot den akademiske profesjonaliseringa; dei ville som medvetne dilettantar skape noko nytt og genuint russisk. Rørsla fall i frå kvarandre av di borgarskapet ikkje ville vite av ho.

Ein periode han var utan arbeid og løn reiste Musorgskij til brørne på landet der han arbeidde med orkesterverk. Den første versjonen av verket Jonsoksnatt på Bloksberg stammar frå denne tida. Etter at han var tilbake i St. Petersburg tok han til å skrive på operaen Boris Godunow som var bygd over eit teaterstykke av Aleksandr Pusjkin. 2. januar 1869 fekk han ein ny post i statstenesta, denne gongen innan skogbruksavdelinga i ministeriet for statleg eigedom. Med ein sikker økonomi gjekk det raskt med komponeringa, og desember same år var operamanuset ferdig. Mariinskij-teateret avviste det og fram til juli 1872 omarbeidde han stykket drastisk, men heller ikkje denne gongen hadde han suksess. Nokre songarar tok riktignok initiativ til ei oppføring som fekk svært god mottaking. Det overtydde teaterleiinga, og 8. februar 1874 blei Boris Godunow uroppført. Musorgskij hadde nå ein periode med heftig drikking og meinte å sjå teikn til demens hos seg sjølv. Likevel blei han inntil vidare forfremma på jobben.

Portett av den alkoholskadde Mussorgskij få dagar før han døydde, oljemåleri av Ilja Repin i 1881, Tretjakovgalleriet

I juni 1874 skreiv han klaversyklusen Bilde på ei utstilling som var inspirert av ei utstilling med teikningar og sceneskisser av venen Viktor Hartmann som døydde året før. På same tid kom songsyklusen Utan sol.

Mars og april 1877 skreiv han ei rad songar til dikt av Aleksej Tolstoj. Desse stykkene er dei første klåre teikna på at han utvikla ein ny komposisjonsteknikk med ei sameining av lyrisk song og ei deklamatorisk, resitativliknande tale.

I året 1878 bytte Musorgskij arbeidsplass frå forstvesenet til revisjonsavdelinga og fann der ein forståingsfull sjef i T. Filipov som mellom anna gav han fri for å gjere ei tre månader lang konsertreise i Ukraina, Krim og byar langsmed Don og Volga i lag med altsongarinna Daria Leonova.

Siste åra[endre | endre wikiteksten]

På grunn av drikkinga måtte Musorgskij slutte i statstenesta den 13. januar 1880, men fekk ein pensjon på 100 rublar mot at han fullførte den halvferdige operaen Khovanstsjina, men han ferdigstilte korkje denne eller den komiske operaen Marknaden i Sorotsjinets.

I det siste leveåret sitt budde han delvis på godset til Daria Leonova og arbeidde som teorilærar og akkompagnatør i musikkskolen ho hadde grunnlagd i St. Petersburg. Mot slutten av livet leid Musorgskij av krampeanfall og blei innlagd på Nikolajevskij-sjukehuset 26. februar 1881. I ein periode han var noko betre måla Ilja Repin det kjende portrettet, men Musorgskij døydde berre få dagar seinare, den 28. mars 1881.

Stil og estetikk[endre | endre wikiteksten]

I det siste leveåret sitt skreiv Musorgskij ei sjølvbiografisk skisse som sjølv om ho er unøyaktig på fleire punkt endar med ei klar stillingstaking til sin kunstnarlege posisjon. Han skriv at han ikkje kan plasserast i ei eksisterande gruppe musikarar, korkje når det gjeld karakteren til komposisjonane eller i musikalsk syn. Den kunstnarlege «trusvedkjenninga» hans kan forklarast ved hjelp av synet på kunsten si rolle: kunsten er eit medel til å kommunisere med menneske og ikkje eit mål i seg sjølv. Dette hovudprinsippet definerte heile den kreative gjerninga hans.

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste verka til Musorgskij var ikkje ferdigstilt da han døydde, så venen Nikolaj Rimskij-Korsakov omarbeida og «korrigerte» dei, til dømes operaen Khovanstsjina. Fleire komponistar har orkestrert det betydelege klaververket Bilde på ei utstilling; den mest kjende versjonen er av Maurice Ravel. Komponistar som reviderte eller fullførte Musorgskij sine verk sette naturleg nok sitt eige preg på dei og dermed forsvann mykje av originaliteten i musikken hans. Seinare er dei viktigaste verka til Musorgskij gitt ut i si originale form.

  • Orkesterverket Jonsoksnatt på Bloksberg, tonedikt (1867)
  • Operaer
    • Khovanstsjina (1886)
    • Boris Godunov
    • Marknaden i Sorotsjinets, komisk opera (1874-1880)
    • Salammbô
    • Bryllaupet
  • Klaversyklusen Bilde på ei utstilling
  • til saman 65 songar
    • Songsyklusen Utan sol (1874)
    • Songsyklusen Barnerommet (1868-1872)
    • Songsyklusen Dødens songar og dansar (1875)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Brown s. 3
  2. Brown s. 12.
  3. Brown s.12f

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • David Brown, Mussorgsky: His Life and Works, Oxford and New York: Oxford University Press, 2002
  • Peter Paul Kaspar, Die wichtigsten Musiker im Portrait, Marix Verlag GmbH, Wiesbaden, 2006, ISBN 978-3-86539-905-2, 148 sider
  • Colin Wilson, «Modeste Mussorgsky» s. 243-245 i The Dictionary of Composers, 1986, red. Frank Granville, London: PAPERMAC, ISBN 0 333 325370

Media[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]