Boris Godunov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Boris Godunov

Boris Fjodorovitsj Godunov (russisk: Бори́с Фёдорович Годуно́в) (155213. april 1605) var tsar i Russland frå 1598 til 1605.

Boris Godunov var Russlands regent frå 1584 til 1598, då den ueigna Fjodor I var tsar over Russland. Då Fjodor døydde i 1598 greip Boris Godunov makta og vart utnemnd til tsar, etter han hadde fått rydda Fjodor sin bror, Dmitrij, or vegen. Han var den fyrste russiske herskaren som ikkje stamma frå den mytiske kong Rurik.

Boris vart møtt med sterk motstand frå adelen, og førte etterkvart eit hardstyre. Adelen allierte seg med kongen av Polen, dermed tok den store urotida i russisk historie til i Boris siste år ved makta. Fjodor II, son til Boris Godunov, tok over som tsar i 1605, men vart styrta kort tid etter han kom til makta.

Etterrakst[endre | endre wikiteksten]

Diktaren Aleksandr Pusjkin skreiv i 1825 dramaet Boris Godunov, medan Modest Musorgskij nokre tiår seinare komponerte operaen Boris Godunov.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Boris Godunow

Kjelder[endre | endre wikiteksten]