Opløelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Opløelva ved utløpet

Opløelva er den nedste delen av Opløvassdraget, og ho munnar ut i fjorden på Salsbruket i Nærøy kommune i Trøndelag. Opløelva oppstår der Mjøsundelva renn ut i Liavasselva 4 km nordaust for Salsbruket. Litt lenger ned, ved Synnes, kjem Krokvasselva inn. Opløelva er ei regulert elv. Vassdraget har eit nedslagsfelt på ca 193 km2 med ein middelvassføring ved utløpet på ca. 12 kbm/sek[1].

Ut frå dammen på Salsbruket renn vatnet vidare gjennom ein turbin, og ved normal og lita vassføring vil denne ta unna det meste av vatnet. Dette gjer at elva ofte er tilnærma tørrlagt mellom dammen og utsleppet frå turbinen ca. 200 meter lenger ned.

Firma Albert Collett har fire kraftverk og fem dammar i Opløvassdraget[2]. Kraftverka er

  • Liavatn
  • Liafoss
  • Ulefoss
  • Salsbruket

Det er to hovudmagasin for vatn

Opløelva er drikkevasskjelde for befolkninga på Salsbruket.

Tidleg på 1990-talet vart det gjort eit havbeiteprosjekt i Opløelva i regi av Institutt for naturforvaltning (INA). Det vart slept ut store mengder laksesmolt over fleire år, og mykje laks fann vegen tilbake til vassdraget. Elva vart vald ut til dette prosjektet fordi ein meinte at ho ikkje hadde ein eigen laksestamme på grunn av reguleringa. Dette førte til stor interesse for laksefiske blant sportsfiskarar og grunneigarar langs fjorden.

Fiske[endre | endre wikiteksten]

Det er framleis eit monaleg innsig av laks, og den lakseførande strekninga ligg i flo- og fjæresona nedanfor turbinen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]