Søndenfjeldske Dragonregiment

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Opland Dragonregiment)
Hopp til navigering Hopp til søk
Uniform frå 1700-talet.
Ill.: Carl Bertram, 1763

Søndenfjeldske Dragonregiment (forkorta SDR) var ei avdeling i det norske kavaleriet skipa i 1750,[1][2] og lagt ned i 2002.[3][4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Regimentet reknar Tredje søndenfjeldske dragonregiment som første del av si historie. Dette regimentet vart skipa i 1750; da kavaleriet blei utvida frå 2 regiment sønnafjelds og eit nordafjelds til 4+1.[2][5] Det fjerde sønnafjeldske ble nedlagt i 1766,[1][2] og dei tre attverande sønnafjelds fekk i 1783 namna Aggershusiske, Smålehnske og Oplandske.[2] Det Smålenske vart lagt ned i 1811. Etter omskipinga i 1811 inneheld det norske kavaleriet tre regiment: Akershusiske ridende jegerkorps med kompani i Østfold og Nes/Eidsvoll; Søndenfjeldske Dragonregiment med kompani i Romerike, Hedmark og Toten; og Trondhjems Dragonkorps med kompani i Innherred og Strinda.[1][6]

Søndenfjeldske Dragonregiment har hatt ulike namn gjennom tida:[1] 1750: Tredje søndenfjeldske dragonregiment ; 1784: Oplandske dragonregiment; 1811: Søndenfjeldske dragonregiment; 1818: Oplandske ridende jegercorps; 1889: Oplandske kavalerikorps; 1911: Oplandenes Dragonregiment Nr 2; 1930: Opland Dragonregiment; 1987: Søndenfjeldske Dragonregiment. Kavaleriets skole- og øvingsavdeling var frå 1987 til 2002 slått saman med regimentet.

Frå 1784 til 1810 bestod dragonregimentet av 5 kompani frå Hedmark (kalla Nordre, Østre m.v.), to kompani frå Toten og eit frå Biri. Etter 1811 bestod regimentet av kompani frå Hadeland, Ullensaker, Nannestad, Skedsmo, seks kompani frå Hedmark (kalla Nordre, Østre m.v.), Biri/Vardal og to kompani frå Toten; til saman 1729 mann. Dei nye kompania vart dels avgitt frå Akershusiske og dels frå Smålenske regiment.[1]

Under førebuingane til Riksforsamlinga i 1814 peika regimentet ut to medlemmer av Den grunnlovgjevande forsamlinga: rittmeister Eilert Waldemar Preben Ramm frå Vang og korporal Peder Paulsen Balke frå Toten.[7]

Moderne verksemd[endre | endre wikiteksten]

Dragonregimentet hadde lenge base på Trandum leir; i 1997 vart verksemda flytta til Rena leir. Regimentet vart lagt ned i 2002.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Jensen, Åke F. (1995). Kavaleriet i Norge 1200-1994: utvikling og innsats gjennom 800 år. [Trandum]: Kavaleriinspektøren/Søndenfjeldske dragonregiment. s. 357ff: Kavaleriet i Hærordningen av 1811 ; s809: Regimentsnavn 1663-1987. ISBN 8290545436. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Gulowsen, Jacob (1992). Fra Dragontiden: Meddelelser om Det Norske Kavaleri indtil Begyndelsen af det 19de Aarhundrede : udgivet i Andledning af Oplandske Kavalerikorpses 150 Aars Jubilæum. Verdal: Nordenfjeldske dragonregiment. ISBN 8299271118 (h.) Sjekk |isbn=-verdien: invalid character (hjelp).  [Faksimileutgåve. Først utgjeve: Hamar, 1900]
  3. Haugen, Johan (1940-) (2004). Søndenfjeldske dragonregiment 1987-2002. [Oslo]: [Hærstaben]. ISBN 8230302308 (ib.) Sjekk |isbn=-verdien: invalid character (hjelp). 
  4. «St.prp. nr. 55 (2001-2002). Gjennomføringsproposisjonen - utfyllende rammer for omleggingen av Forsvaret i perioden 2002-2005». Regjeringa Bondevik II. Henta 20. november 2015. 
  5. «Regimentchefer, Compagniechefer og Premierløitnanter ved de Oplandske Kavaleriafdelinger. Indtil Begynnelsen af det 19de Aarhundre.». Hedmark Slektshistorielag. Henta 20. november 2015. 
  6. Lindbäck-Larsen, Odd (1897-1975) (1945). Den norske hær og 1814. [Oslo]: Forsvarsdepartementet. s. 144. 
  7. Lindstøl, Tallak (1857-1925) (1914). Stortinget og statsraadet : 1814-1914. D. 1 : De enkelte storting og statsraader 1814-1885. [Kristiania]: Steenske bogtrykkeri. s. 2.