Peder Paulsen Balke
Peder Paulsen Balke | |
Fødd | 4. mai 1779 Balke i Østre Toten |
---|---|
Død | 6. september 1840 (61 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Sjølvstendepartiet |
Yrke | Korporal og storbonde |
Verv | Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll |
Peder Paulsen Balke (4. mai 1779–6. september 1840) var ein norsk soldat, gardbrukar og eidsvollsmann frå Østre Toten.
Balke vart dragon i sønnafjelske dragonregiment i 1801, korporal frå 1808 til 1814. Han vart i 1808 utkommandert til Kongsberg og deltok i 1814 i felttoget mot den svenske invasjonsstyrken.
I 1814 var han utsending frå regimentet sitt til riksforsamlinga på Eidsvoll. Balke stemte med sjølvstendepartiet, men tok sjølv aldri ordet.
Balke overtok farsgarden Østre Balke på Østre Toten i 1813 og dreiv denne til han døydde i 1840.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914, digital utgåve side 57
- Gyldendals store konversasjonsleksikon, 1972
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Biografisk informasjon om Peder Paulsen Balke NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- «Peder Paulsen Balke». Eidsvoll 1814. Henta 5. mai 2017.