Optisk pumping

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Optisk pumping er ein eksitasjon av atom eller molekyl i eit stoff til ein metastabil tilstand ved at stoffet blir bestrålt med lys med passande bølgjelengd. Vanlegvis føregår optisk pumping som ein totrinns prosess, idet atoma først eksiterast til eit høgareliggande nivå, og deretter straks fell ned i ein tilstand med lengre levetid (metastabil tilstand). Viss strålinga som eksiterar atoma er intens nok eller levetida av den metastabile tilstand er lang nok, kan ein få eksitert så mange atom at ein får ein populasjonsinversjon, det vil sei fleire atom i eksitert tilstand enn i grunntilstanden, noko som er eit vilkår for å få laserstråling.

Teknikken vart først utvikla av Alfred Kastler, som fekk Nobelprisen for dette i 1966. Metoden kjem omfram ved laserar til bruk ved spektroskopiske undersøkingar av energinivå i atom og molekyl.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]