Alfred Kastler
Alfred Kastler | |
![]() Alfred Kastler | |
Fødd | 3. mai 1902 Guebwiller i Alsace |
---|---|
Død | 7. januar 1984 (81 år) Bandol |
Nasjonalitet | Fransk |
Område | Fysikkfysikk |
Yrke | fysikar, lyrikar, universitetslærar |
Institusjonar | Faculté des sciences de Paris |
Alma mater | École normale supérieure Faculté des sciences de Paris |
Doktorgradsrettleiar | Pierre Daure |
Utmerkingar | Nobelprisen i fysikk (1966) |
Barn | Claude Kastler, Daniel Kastler |
Medlem | Akademie der Wissenschaften der DDR Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina Det franske vitskapsakademiet Det ungarske vitskapsakademiet Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen Académie internationale d’histoire des sciences Det polske vitenskapsakademi |
Alfred Kastler (3. mai 1902–7. januar 1984) var ein tysk-fødd fransk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1966 «for oppdaginga og utviklinga av optiske metodar for å studere Hertzian-resonans i atom», såkalla optisk pumping.
Etter å ha fullført studiane i 1926 byrja han å undervise i fysikk ved Lycée i Mulhouse før han seinare underviste ved Universitetet i Bordeaux der han var universitetsprofessor fram til 1941. Georges Bruhat bad han kome tilbake til École Normale Supérieure der han til slutt fekk ein plass i styret i 1952.
Kastler tilbrakte det meste av forskarkarrieren sin ved École Normale Supérieure i Paris der han saman med studenten sin Jean Brossel starta ei lita forskingsgruppe på spektroskopi etter andre verdskrigen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Alfred Kastler» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.