Optisk telegraf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Diagram som synar teiknsystemet til Chappe
Optisk telegraf med seks klaffar av jarn er å sjå ved Ålesund Museum.

Optisk telegraf var eit mekanisk system for sendingar av meldingar i tidlegare tider, oppfunne i 1792 av franskmannen Claude Chappe.[1] Systemet er basert på at høge master med rørlege armer vart sett opp på stader med godt utsyn, og at ein ved å setje desse armane i ulike stillingar kunne sende meldingar derfrå til ei anna høgd som låg innanfor synsvidda. Meldingane kunne verte sende over store avstandar ved at det vart bygd stasjonar i lange liner, og kvar stasjon i lina tok opp att og sende vidare meldinga som vart sendt frå utgangspunktet. Slike telegrafsamband vart skipa i mange land for både militære og sivile føremål.

Med tida vart det utvikla mange varianter varianter av optiske telegrafsystem. Svensken Abraham Niclas Edelcrantz fann i 1794 fram til eit system med ti klaffar av jarnplater festa til faste tverrstag på masta. Kvar klaff kunne verte stillt anten horisontalt eller vertikalt, og dette gjorde det mogeleg å sende meldingar i koder i samsvar med ei kodebok. Eit tilsvarande system med seks klaffar vart teke i bruk i Noreg for militære føremål.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Eckart Roloff: Claude Chappe: Ein Abbé macht den Nachrichten Flügel und erfindet die optische Telegrafie - Revolution! In: Eckart Roloff: Göttliche Geistesblitze. Pfarrer und Priester als Erfinder und Entdecker. Forlag Wiley-VCH, Weinheim 2010. s. 221-234, ISBN 978-3-527-32578-8. 2. utgave 2012 (Paperback), ISBN 978-3-527-32864-2 (tysk)

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. Rafto 1955, s. 19.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]