Hopp til innhald

Orbe-elva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Orbe
elv
Land  Frankrike,  Sveits
Nedslagsfelt 488 km²
Lengd 67 km
Kjelde nord for La Dôle
 •  høgd 1 150 moh.
 - koordinatar 46°29′31″N 6°3′31″E / 46.49194°N 6.05861°E / 46.49194; 6.05861
Munning Neuchâtelsjøen
 - stad Yverdon-les-Bains, Vaud, Sveits
 - koordinatar 44°44′15″N 6°33′48″E / 44.73750°N 6.56333°E / 44.73750; 6.56333
Kart
Orbe-elva
46°29′31″N 6°03′31″E / 46.492°N 6.0587°E / 46.492; 6.0587
Wikimedia Commons: Orbe River

Orbe er ei elv i Rhinenvassdraget. Ho spring ut i Frankrike og renn inn i Sveits og ut i elva Aare. Den siste delen av elva vert kalla Thièle eller Thielle (Zihltysk). Ho må ikkje forvekslast med Orbe, som er ei sideelv til Arrats.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Orbe spring ut nær Rousses, og dannar lac des Rousses før ho renn ned til lac de Joux i kantonen Vaud i Sveits. Ho forsvinn under bakken for 4 km og dukkar opp att i Vallorbe. Like etter i Orbe, renn elva saman med Talent og får namnet Thielle. Ho renn gjennom Yverdon-les-Bains og munnar ut i Neuchâtelsjøen. Elva renn ut av sjøen via Thiellekanalen til Nidau-Büren-kanalen i Nidau, like før reguleringsdammen mellom Port og Brügg som kontrollerer vassnivået til tre innsjøar i Seeland.

Orbe drenerer alt vatn frå kantonen Vaud til Rhinen, utanom elva Venoge, på andre sida av Mormont.

Løp[endre | endre wikiteksten]

Sideelvar[endre | endre wikiteksten]

  • Ruisseau des Epoisats
  • Jougnena
  • Talent

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]