Origami

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei trane. Arka under er av same storleik som det som vert brukt til å lage trana.

Origami (japansk 折紙, origami, 'papirbretting') er ei japansk kunstform som går ut på å brette papir. Ordet origami tyder å brette papir, og på japansk kan origami brukast om all papirbretting, uansett kor ho kjem frå.

I origami nyttar ein berre somme brettar, men dei kan kombinerast på mange måtar. Det er vanleg å bruke eit kvadratisk ark, ofte med fargar eller mønster, og ein klipper ikkje i arket. I motsetning til det mange trur, tillet tradisjonell japansk origami, som har vore praktisert sidan Edoperioden (1603-1867), ofte klipping, og ein kan også bruke eit rektangulært eller sirkulært ark i denne typen origami.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Japansk origami kjem truleg frå seremonielle brettemetodar, som noshi, og oppstod truleg i Muromachiperioden (1392-1573).

Ein kirigami (papirfigur), kan variere i kompleksitet frå enkle ting som hattar eller fly til meir kompliserte ting, som flasker, stegosaurusar og biller, og kan ta mellom fem minutt og to timar å brette frå eit flatt ark. Somme veldig avanserte og vanskelege figurar brettast ikkje i vanleg papir, men i folie, av di papir vert så tjukt etter mange brettar at det ikkje egnar seg. I moderne origami brukar ein ikkje berre dei stive brettane som vert nytta i tradisjonell origami, og ofte vert papiret fukta lett før ein brettar det, slik at det skal få eit meir flytande og naturleg utsjåande. Ofte vert andre materialar enn berre papir eller folie nytta. I Japan vørder dei ikkje origami som kunst, men som del av kulturarva deira.

Joseph Albers blir rekna som far til moderne fargeteori og minimalistisk kunst og underviste i origami i 1920- og 30åra. Han var ei kjelde til inspirasjon for mange moderne origamistar, mellom anna Kunihiko Kazahara. Allereie på 1800-talet synte Friedrich Fröbel (grunnleggjaren av barnehagane) kor stor nytte ein kunne ha av papirleik og papirbretting i barneoppdraginga.

Arbeidet til Akira Yoshizawa, ein av 1900-talets store origamigeni og forfattar av mange bøker om origami vart skuld ein renessanse innanfor origamikunsten. Hans arbeid førte til boka Paper Magic, og seinare til boka Secrets of the Origami Masters.

Dette førte til at origami spreidde seg frå Japan, og at ein utvikla nye teknikkar, som til dømes wet-folding. Også modulær origami, der mange ark, ofte bretta til identiske einskapar viklast saman og skapar store figurar.

Nokså nyleg vart den tradisjonelle figuren Tamatebako gjenoppdaga. I ei trebands utskoren bok frå 1734, Ranma-Zushiki, har ein funne to bilete av det som skal vere Tamatebako. Denne figuren er frå folkeeventyret Urashima-Taro og Tamatebakoen, og vert identifisert som Tamatebako i 1993 av Yasuo Koyanagi. Origamihistorikaren Masao Okamura har klara å gjenskape figuren. I motsetning til det ein har trudd om origami frå denne perioden involverer brettinga både klipping og liming.

Tranene til Sadako[endre | endre wikiteksten]

Fil:Sadako Memorial.jpg
Minnesmerket til Sadako Sasaki i Hiroshima er omgjeve av papirtraner.

Den mest kjende kirigami er likevel trana. I Japan er trana eit symbol for hell. Mellom anna har Japan sendt opp ein satellitt med namnet tsuru, som er japansk for trane. Det finst ei japansk legende som seier at viss ein brettar tusen traner skal ein kunne få ynskje seg kva som helst.

Traner i mange fargar i fredsparken i Hiroshima.

Origamitrana, orizuru(折鶴) vart eit fredsysmbol, både grunna legenda og grunna den unge jenta Sadako Sasaki, som vart utsett for stråling frå Hiroshimabomba då ho var spedbarn. Som tolvåring med dødeleg leukemi fekk ho høyre om legenda om orizurutranene, og ho byrja brette tusen traner, slik at ho kunne verte frisk. Ho døydde etter å ha bretta 644, og klassekameratane bretta dei resterande 354 tranene, og Sadako vart gravlagd med ein krans med tusen orizuruar (senbazuru på japansk). Klassekameratane og venene hennar bygde ein statue i granitt i Fredsparken i Hiroshima. Han syner Sadako som ei ung jente som står med armane slått ut, og med ei trane i handa. Kvart år vert det lagt tusenvis av senbazuruar på statuen.

Det er laga fleire bøker og filmar om Sadako. I ein av dei skreiv Sadako eit haiku. det lyder:

Eg vil skrive fred på vengene dine, og så skal du fly kring verda, slik at barn ikkje lenger må døy slik som meg

(Omsett frå engelsk av Alexander Janes).

Matematikk og origami[endre | endre wikiteksten]

Origami inneheld fleire aspekt som er matematisk interessante. Mellom anna er det av stor interesse korvidt ein kan gjere ein gitt figur flat utan å skade han. Dette har Marshall Bern og Barry Hayes prova er NP-komplett

Stiv origami, der ein latar som om ein nyttar metall i staden for papir, og at metallet har hengsle i staden for brettar, er også av stor matematisk interesse. Dette har mellom anna ført til Miura-bretten, som har vore nytta på solcellepanel på satellittar.

Variasjonar[endre | endre wikiteksten]

Kusudama

Kjende origamiforfattarar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Origami