Orm Hansson Øverland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Orm Hansson Øverland
Fødd 3. desember 1783
Nedstrand
Død

26. april 1877

Yrke bonde, politikar

Orm Hansson Øverland (3. desember 178326. april 1877) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Nedstrand i Rogaland. Hans Øverland var sonen hans.

Far hans var gardbrukar. Sjølv vart han oppfostra hos ein farbror og overtok i 1809 garden hans. Han var lensmann frå 1819, og slutta som gardbrukar i 1847.

Øverland var stortingsmann for Stavanger amt i 1815-16, 1821 og 1822. På omframstortinget 1815-16 var han medlem av fire komitear, mellom dei var komiteen om landbruk, skogbruk og bergdrift og komiteen om allmugeskulelova. I 1821 var han medlem av tolv komitear, der i mellom om fisket ved Skudenes, om hummarfisket, om Tromsø seminar og allmugeskulestellet samt om brennevinsbrenning på landet. Han var elles sekretær i komiteen om Smaalenssaka.

Tildelt borgardådsmedaljen i sølv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]