Oryza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk


Oryza
Gealypic5.JPG
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Grasordenen Poales
Familie: Grasfamilien Poaceae
Underfamilie: Ehrhartoideae
Stamme: Oryzeae
Slekt: Oryza
L., 1753

Oryza er ei planteslekt i grasfamilien.[1][2] Ho omfattar fleire tropiske artar, der særleg asiatisk ris (Oryza sativa) er ein viktig matplante som blir dyrka kommersielt.[3] Også afrikansk ris (Oryza glaberrima) blir brukt som matplante.

Plantar i slekta veks i våte område. Dei blir til høge gras på 1–2 meter. Plantane kan vera eittårige eller fleirårige.[4]

Artar[endre | endre wikiteksten]

Det er usemje om korleis slekta skal delast inn, og ulike kjelder har ulike artstal og underindelingar. Over 3000 namn er føreslått tilhøyrande slekta, medan andre oversyn berre nemner 25 artar. Lista under byggjer på Kew Garden si World Checklist.[5]

  1. Oryza australiensis – Australia
  2. Oryza barthii – tropisk Africa
  3. Oryza brachyantha – tropisk Afrika
  4. Oryza coarctata – India, Pakistan, Bangladesh, Myanmar
  5. Oryza eichingeri – tropisk Afrika, Sri Lanka
  6. Oryza glaberrima – afrikansk ris – tropisk Afrika
  7. Oryza grandiglumis – Brasil, Venezuela, Fransk Guiana, Colombia, Peru, Bolivia
  8. Oryza latifolia – Latin-America + Karibia frå Sinaloa og Cuba til Argentina
  9. Oryza longiglumis – Ny-Guinea
  10. Oryza longistaminata – Madagaskar, tropisk og sørlege Afrika
  11. Oryza meyeriana – Kina, Sør-Asia, Søraust-Asia
  12. Oryza minuta – Himalaya, Søraust-Asia, Ny-Guinea, Northern Territory i Australia
  13. Oryza neocaledonica – Ny-Caldeonia
  14. Oryza officinalis – Kina, Sør-Asia, Søraust-Asia, Ny-Guinea, Australia
  15. Oryza punctata – Madagaskar, tropisk og sørlege Afrika
  16. Oryza ridleyi – Søraust-Asia, Ny-Guinea
  17. Oryza rufipogon – Kina, Sør-Asia, Søraust-Asia, Ny-Guinea, Australia
  18. Oryza sativa – asiatisk ris – Kina, India, Japan, Søraust-Asia; dyrka mange andre stader
  19. Oryza schlechteri – Ny-Guinea
Tidlegare inkludert[5]

mange artar er no plasserte i andre slekter: Echinochloa, Leersia, Maltebrunia, Potamophila, Prosphytochloa, Rhynchoryza ,

Kjelder[endre | endre wikiteksten]