Ose Countryfestival

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ose Countryfestival

TidJuli sidan 1983
StadOse i Bygland i Setesdal

Ose Countryfestival er ein musikkfestivalOse i Bygland kommune i Setesdal. Han blei halden for første gong i 1983.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Festivalen byrja i 1983 på Reiårsfossen Camp på Osefita i Setesdal med ca. 11 000 vitjande, noko som var mykje meir enn arrangøren hadde hatt forhåpingar om. Festivalen blei flytta litt rundt og blei mellom anna halden i Dalen og i Seljord, men kom så tilbake til Ose der han blei verande i fleire år.

Hovudartist i 2004 var, som i 1983, Wendel Adkins. I 2005 var det The Pirates Of The Mississippi, 2006 var det countrystjernene Dwight Yoakam og Bobby Bare, i 2007 Pam Tillis og i 2008 opptredde norskætta Lynn Anderson på festivalen.

I 2008 gjorde Anita Hegerland eit comeback på Ose Countryfestival.[1] Lynn Anderson opptredde saman med mannen Mentor Williams og Arne Benoni, eit norsk svar på Jim Reeves.

I 2009 var Steinar Albrigtsen hovudattraksjonen. Det var i tillegg stor fokus på lokale band frå Setesdalsregionen.

2010 såg ei gjenforeining av Big Hand Saloon med Ottar «Big Hand» Johansen og Claudia Scott, Casino Steel og Tore Andersen.

I 2019 opptredde mellom anna Steinar Albrigtsen og Monika Nordli.[2]

Festivalsjefen gjennom mange år har vore Signe Røinås.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Grimen, Bjørn (21. juni 2008), «Comeback på festival», NRK (på norsk bokmål), henta 22. juni 2020 
  2. «Program 2019 | Sørlandets Countryfestival - Ose 2019», osecountryfestival.no, arkivert frå originalen 23. september 2020, henta 22. juni 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]