Osean

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Osean var namnet grekarane nytta om urvatnet, den store verdsstraumen eller floden, som dei trudde omslutta og avgrensa jordskiva. I denne straumen steig sola, månen og stjernene opp og gjekk ned.

Okeanos vart personifisert i den mytologiske skapningen med same namn. Han var den eldste av titanane og hadde 3000 døtrer, okeanidar, og like mange søner. I geografisk tyding vart okeanos seinare nytta om det store verdshavet, i motsetnad til Middelhavet.

I dag vert osean hovudsakleg nytta om dei store verdshava: Stillehavet, Atlanterhavet, Indiahavet, Nordishavet og Sørishavet, eller som eit fellesnamn for alle hav. Jamfør ocean, som vert nytta på fleire språk om verdshava.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«osean» i Store norske leksikon, snl.no.