Oslo Museum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Oslo museum)
Hopp til navigering Hopp til søk
Oslo Museum
Oslo Museum logo.svg
StadOslo
Skipa1. januar 2006 (1905)
MuseumstypeKulturhistoriske museum
DirektørLars Emil Hansen
Nettstadhttp://www.oslomuseum.no

Oslo Museum er eit kulturhistorisk museum i Oslo som vart skipa 1. januar 2006 ved at dei eksisterande musea Oslo Bymuseum, Teatermuseet og Internasjonalt Kultursenter og Museum vart slege saman under ein administrasjon. I 2013 kom Arbeidermuseet til som ei avdeling av Oslo Museum.

Oslo museum held til på tre plassar, Bymuseet og Teatermuseet ligg samla på Frogner hovedgård i Frognerparken, Interkulturelt Museum har lokale i Tøyenbekken 5 på Grønland, i nærleiken av Grønland T-banestasjon, og Arbeidermuseet har tilhald i Apotekergården i Sagveien på Sagene. Administrasjonen held til på Frogner hovedgård. I tida frå januar til desember 2006 hadde museet mellombels namnet Hovedstadsmuseet.

Oslo Museum samlar på alle typar av kulturhistorisk materiale som er eigna til å kaste ljos over tilhøva i byen i fortida og notida, så som fotografi, kunstobjekt, gjenstandar, tekstil, møbler, bøker og arkivalia. Materialet vert teke vare på i magasin på museet i Frognerparken og andre stader i byen. Både kunst- og fotosamlingane er mellom dei største i Noreg. Digitale fotografi av mange av gjenstandane er å finne på internett, og det same gjeld digitaliserte fotografi frå Oslo i gamal og ny tid.

Oslo Museum er ei stifting som får økonomisk stønad frå Oslo kommune og Kulturdepartementet, og mottek prosjektmidlar frå mellom andre Norsk kulturråd, Institusjonen Fritt Ord og Bergesenstiftelsen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]