Kulturhistoriske museum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kulturhistoriske museum er museum som tek for seg gjenstandar og liknande frå eit geografisk område og/eller frå ein tidsepoke og/eller eit særskild avgrensa emneområde for å kaste ljos over dei kulturelle tilhøva. Ved hjelp av samlingar av gjenstandar, samlingar av hus, samlingar av gamle fotografi og anna materiale vert det forska på og gjort greie for til dømes korleis folk levde eller lever og skaffa eller skaffar seg sitt utkome, kva slags religion og anna form for tru som var eller er dominerande, vanleg skikk og bruk, kva slags arbeid som vart gjort og korleis det vart gjort, og så bortetter.

Døme på kulturhistoriske museum er Norsk Skogfinsk Museum, Arkeologisk museum i Stavanger, De samiske samlinger, Oslo Museum, Nordiska museet i Stockholm, Maihaugen, Nationalmuseet i København.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]