Oslomål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Oslomålet)
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om det moderne talemålet i Oslo. For det tradisjonelle oslomålføret, sjå vikamål.

Oslomål eller oslodialekt er det austnorske talemålet som vert tala i Oslo. Det representerer i dag i stor grad eit kontinuum og/eller samanfall mellom vikamålet, det tradisjonelle oslomålet, og Oslo-varianten av dansk-norsken, eit koinéspråk som oppstod seint på 1700-talet og tidleg på 1800-talet, og som er påverka av det danske skriftmålet.[1] Omgrepet standard austnorsk har eit dårleg definert utgangspunkt i oslomål.[2]

I nyare tid har vikamålet (austkantmålet, assosiert med Oslo Aust) byrja å falla saman med koinévarianten (vestkantmålet, assosiert med Oslo vest), der drag frå austkantmålet aukar i omfang i vestkantmålet (slik som til dømes fleire a-endingar), og drag frå vestkantmålet aukar i omfang i austkantmålet (slik som bortfall av kløyvd nemneform i gjerningsord).[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Oslo – språk» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. «Standardtalemålet — fins det?» - Artikkel frå 2010 av Svein Lie i Språklig Samling
  3. «Oslo-språket blir likere» - forsking.no-artikkel frå 14. mars 2008