Ostehøvel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein ostehøvel som skjer ost
Ostehøvlar frå ulike tider og ulike produsentar

Ein ostehøvel er eit hjelpemiddel til å skjere ost med som vart oppfunnen av Thor Bjørklund frå Lillehammer i 1925, og patentert 27. februar 1927. Bjørklund, som var snikkar av yrke, tok utgangspunkt i ein vanleg snikkarhøvel og laga ein mindre versjon for ost. Produksjonen av ostehøvlar starta på Lillehammer i 1927, og fabrikken var Noregs einaste ostehøvelprodusent, til han gjekk konkurs i september 2009. Produksjonen av ostehøvlar vart deretter halde fram av Gudbrandsdal Industrier AS, GIAX, som same året tok over varemerket Bjørklund ostehøvler.

Det finnst òg ostehøvlar som skjer ost ved hjelp av ein stram og tynn stålstreng, mest egna for blautare ostar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ostehøvel