Otho av Romarriket
| Otho av Romarriket | |
| Fødenamn | Marcus Salvius Otho |
| Statsborgarskap | Romarriket |
| Fødd | 28. april 32 Ferentium, Roma |
| Død |
16. april 69 (36 år) Brixellum |
| Yrke | politikar, militær |
| Tittel | Imperator Marcus Otho Caesar Augustus |
| Føregangar | Galba |
| Etterfylgjar | Vitellius |
| Religion | romersk religion[*] |
| Far | Lucius Salvius Otho |
| Mor | Albia Terentia |
| Ektefelle | Poppæa Sabina |
| Partnar | Crispina |
| Otho av Romarriket på Commons | |
Otho, Marcus Salvius Otho, fødd år 32, død 16. april 69 (sjølvmord), var romersk keisar frå 15. januar i firekeisaråret 69.
Otho var ven av keisar Nero av Romarriket. Keisaren oppmoda han til å gifta seg med elskarinna si, den lettsindige Poppaea Sabina. Otho vart send som statthaldar til den romerske provinsen Lusitania. Lusitania omfatta vestlege delar av den iberiske halvøya. Otho var statthaldar i ti år, og synte seg som ein dugleg leiar. Etter at Galba vart keisar, vona Otho på å verta adoptert av keisaren. Då planen slo feil, tok Otho del i ein oppreist mot keisaren. Otho stilte seg i spissen for pretorianargarden, og vart etter mordet på Galba sjølv keisar den 15. januar 69. Han måtte snart kjempa mot ein annan tronkrevjar, Vitellius. I slag nord i dagens Italia ved Bedriacum mot feltherrane Caecina og Valens måtte styrkane til Otho gje tapt. Otho tok livet av seg den 16. april 69. Vitellius etterfylgde Otho som keisar