Vitellius av Romarriket
Vitellius av Romarriket | |
![]() Byste av Vitellius av Romarriket | |
Romersk keisar | |
Regjeringstid | 26. april-22. desember 69 |
---|---|
Fullt namn | Fødenamn Aulus Vitellius, namn som keisar Aulus Vitellius Germanicus Imperator Augustus |
Fødd | 24. september 15 |
Fødestad | Nuceria Alfaterna |
Død | 22. desember 69 |
Dødsstad | Roma |
Føregangar | Otho |
Etterfølgjar | Vespasian |
Gift med | Petronia, Galeria Fundana |
Far | Lucius Vitellius |
Mor | Sextilia |
Born | Vitellius Petronianus, Vitellia, Vitellio Germanico |
Aulus Vitellius Germanicus (fødd i september år 15, daud 22. desember 69), kjend som Vitellus, var romersk keisar i firekeisaråret 69 frå 26. april til han blei drepen 22. desember.
Vitellus var ein av revolusjonskeisarane. Dei andre tre keisarane i firekeisaråret var Galba, Otho og Vespasian. Vespasian etterfylgde Vitellus som keisar.
Liv og virke[endre | endre wikiteksten]
Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]
Vitellius var son av Sextilia og Lucius Vitellius, som under keisar Tiberius av overstatthaldar for Syria med eit visst ansvar også for Palestina.
Vitellius var romersk konsul i 48, og prokonsul-guvernør for provinsen Africa i anten 60 eller 61. I 68 blei han utnmend av Galba til å bli kommandant for dei romerske styrkane i sørlige Tyskland (Germania Inferior).[1]
Keisar[endre | endre wikiteksten]
I forviklingane etter at keisar Nero døydde utropte styrkane i Germania Superior og Germania Inferior han til keisar den 2. januar 69,[2] tretten dagar før Otho blei keisar. Kommandantane for dei to legionane ved Rhinen, Caecina og Fabius Valens, nekta å fornya truskapseidane sine til Galba 1. januar 69, og utropte i staden Vitellius til keisar.[1] Vitellus blei aldri anerkjend som keisar av heile Romarriket, men blei godteken av Det romerske senatet og gjeven dei vanlege keisarlege ærestitlane. Vitellus gjekk inn i Italia i spissen for udisiplinerte soldatar som plyndra, drap og festa då dei kom til Roma.[1] For å løna legionærane sine utvida Vitellius Praetorianargarden med sine eigne menn frå Rhinhæren.[3]
Fall[endre | endre wikiteksten]

I juli 69 fekk Vitellius høyar at styrkane i dei austlege provinsane hadde utropt ein annan keisar - kommandøren si Titus Flavius Vespasianus. Vitellius blei forlaten av mange støttespelarar, og førebudde seg på å seia frå seg keisartittelen.[1]
Tacitus fortel at Vitellius vneta på hæren til Vespasian ved Mevania. Marcus Antonius Primus, kommandøren for den sjette legionen i Pannonia, og ein av støttespelarane til Vespasian var blitt einige om ein avtale der Vitellus gav frå seg trona. Då han var undervegs for å leggja frå seg keisarsymbola i Concordiatemplet, blei han stoppa av Pretonianargaren og tvinga til å venda tilbake til keisarpalasset.[1]
Då styrkane til Vespasian gjekk inn i Roma kjempa støttespelarane til Vitellius, for det meste sivile, imot med spyd, steinar og anna dei kunne kasta. Ifølgje Cassius Dio omkom 50 000 folk i slaget om Roma.[4] Til slutt blei Vitellius funnen i gøymestaden sin (ifølgje Tacitus i losjiet til ein portvakt), teken til Dei gemoniske trappene og drepen av støttespelarane til Vespasian. Liket hans blei ifølgje Suetonius kasta i elva Tiber. Ifølgje Cassius Dio blei Vitellius halshoggen og hovudet hans teke rundt og synt fram Roma. Bror og son hans blei også drepne.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4
Ein eller fleire av dei føregåande setningane inneheld tekst frå ein publikasjon som no er i offentleg eige: Encyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.
- ↑ Encyclopædia Britannica, oppslagsord Vitellius, Aulus og Caecina Alienus, Aulus
- ↑ «Praetorian Guard». Ancient History Encyclopedia. Henta 19. februar 2019.
- ↑ Kelly 2007, s. 169, 171.
- Denne artikkelen bygger på «Vitellus» frå Wikipedia på engelsk, den 26. juli 2019.