Otis Redding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Otis Redding
Otis Redding (2).png
Fødd9. september 1941
FødestadDawson
Død10. desember 1967 (26 år)
DødsstadMadison
FødenamnOtis Ray Redding, Jr.
AliasThe Big O
The Mad Man from Macon
Rockhouse Redding
The King of Soul
OpphavUSA
Aktiv1958–1967
Sjangersoul, gospel
Instrumentpiano, vokal
Stemmetypetenor
PlateselskapStax Records, Atco Records, Atlantic Records
Verka somsongar, singer-songwriter
Gift medZelma Redding
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award, Grammy Award

Otis Ray Redding jr. (9. september 194110. desember 1967) var ein amerikansk soulsongar og låtskrivar. Han er særleg kjend for bestseljaren «(Sittin' On) the Dock of the Bay».

Liv[endre | endre wikiteksten]

Redding blei født i småbyen Dawson i Georgia. Då han var fem år flytta han med familien sin til Macon i Georgia. Der song han i kor i Vineville Baptist Church. I tenåra blei han ein lokal kjendis etter han hadde vunne den lokale talentkonkurransen 15 gongar på rad.

I 1960 tok han til å turnera i Sørstatane med gruppa Johnny Jenkins and The Pinetoppers. Same året gav han ut si første plate, «She's All Right» og «Shout Bamalana», med same gruppa men under namnet Otis and The Shooters.

I 1962 gjorde han sitt første store inntog i musikkindustrien ved å spela inn songen «These Arms of Mine» saman med Johnny Jenkins. Balladen var skriven av Redding sjølv. Låten blei ein mindre hit.

Otis skreiv mange av songane sine sjølv, noko som var uvanleg på den tida. Han skreiv ofte saman med Steve Cropper.

Otis Redding og seks andre omkom då flyet dei reiste i styrtet i Lake Monona i Madison i Wisconsin den 10. desember 1967. Ben Cauley, som var medlem av reservebandet til Redding, The Bar-Kays, var den einaste som overlevde styrten.

Redding blei gravlagd på ranchen sin i Round Oak i Georgia.

«(Sittin' on) the Dock of the Bay» blei spelt inn tre dagar før Redding døydde. Låten blei kjend året etter, og blei den første singelen til Redding som nådde førsteplassen på singellista, og den første låt som selde i ein million eksemplar.

På den norske VG-lista låg låten i ni veker med ein andreplass som beste plassering. Albumet med same namn låg på lista i 16 veker.

I 1989 blei Redding teken med i Rockens æresgalleri.

Konsertar[endre | endre wikiteksten]

Eit drøyt halvår før han døydde vitja Otis Redding Oslo. 7. april 1967 heldt han konsert i Njårdhallen. Konserten blei filmet av NRK, med produsent Johnny Bergh i spissen. Det norske opptaket er i nyare tid blitt gjeve ut på DVD i USA.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med plasseringar i USA (US) og Storbritannia (UK).

Album[endre | endre wikiteksten]

  • Pain in My Heart (1964, Atco) US: #103 UK: #28
  • The Great Otis Redding Sings Soul Ballads (1965, Volt) US: #75 UK: #30
  • Otis Blue: Otis Redding Sings Soul (1965) US: #75 UK: #6
  • The Soul Album (1966) US: #54 UK: #22
  • Complete & Unbelievable: The Otis Redding Dictionary of Soul (1966) US: #73 UK: #23
  • King & Queen (1967) med Carla Thomas US: #36 UK: #18
  • Live in Europe (1967) US: #32 UK: #14
  • The Dock of the Bay (1968) US: #4 UK: #1
  • History of Otis Redding (1968) US: #9 UK: #2
  • The Immortal Otis Redding (1968, Atco) US: #58 UK: #19
  • In Person at the Whiskey A Go-Go (1968) US: #82
  • Love Man (1969) US: #46
  • Tell the Truth (1970) US: #200
  • Live at the Monterey International Pop Festival (1971, Reprise) US: #16
  • The Best of Otis Redding (1972) US: #76
  • The Very Best of Otis Redding (2000) UK: #26

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Shout Bamalama» (1961)
  • «Gettin' Hip» (1961, Alshire)
  • «These Arms of Mine» (1962, Volt) R&B: #20 US: #85
  • «That's What My Heart Needs» (1963) R&B: #27
  • «Pain in My Heart» (1963) US: #61
  • «Come to Me» (1964) US: #69
  • «Security» (1964) US: #97
  • «Chained and Bound» (1964) US: #70
  • «Mr. Pitiful» (1964) R&B: #10 US: #41
  • «Stand By Me» (1964)
  • «Things Go Better With Coke ...» (A Man And A Woman) [1964 Commercial]
  • «I've Been Loving You Too Long (To Stop Now)» (1965) R&B: #2 US: #21
  • «Just One More Day» (1965) (b-sida på «I've Been ...») R&B: #15 US: #85
  • «Respect» (1965) R&B: #4 US: #35
  • «That's How Strong My Love Is» (1965) R&B: #18 US: #74
  • «I Can't Turn You Loose» (1965) R&B: #11 UK: #29
  • «My Girl» (1965)
  • «(I Can't Get No) Satisfaction» (1966) R&B: #4 US: #31 UK: #33
  • «My Lover's Prayer» (1966) R&B: #10 US: #61 UK: #37
  • «Fa-Fa-Fa-Fa-Fa (Sad Song)» (1966) R&B: #12 US: #29 UK: #23
  • «Try a Little Tenderness» (1966) R&B: #4 US: #25
  • «I Love You More Than Words Can Say» (1967) R&B: #30 US: #78
  • «Shake» (1967) R&B: #16 US: #47 UK: #28
  • «Glory of Love» (1967) R&B: #19 US: #60
  • «Tramp» (1967, Stax) med Carla Thomas R&B: #2 US: #26 UK: #18
  • «Knock on Wood» (1967) med Carla Thomas R&B: #8 US: #30 UK: #35
  • «(Sittin' On) the Dock of the Bay» (1968, Volt) R&B: #1 US: #1 UK: #3
  • «The Happy Song (Dum-Dum)" (1968) R&B: #10 US: #25 UK: #24
  • «Amen» (1968, Atco) R&B: #15 US: #36
  • «Hard to Handle» (1968) (b-sida på «Amen») R&B: #38 US: #51 UK: #15
  • «I've Got Dreams to Remember» (1968) R&B: #6 US: #41
  • «Lovey Dovey» (1968, Stax) med Carla Thomas R&B: #21 US: #60
  • «White Christmas» (1968, Atco)
  • «Merry Christmas, Baby» (1968) (b-sida på «White Christmas») US: #9
  • «Papa's Got a Brand New Bag» (1968) R&B: #10 US: #21
  • «When Something is Wrong With My Baby» (1969) med Carla Thomas
  • «A Lover's Question» (1969) R&B: #20 US: #48
  • «Love Man» (1969) R&B: #17 US: #72
  • «Free Me» (1969) R&B: #30
  • «Look at That Girl» (1969)
  • «Demonstration» (1969)
  • «Give Away None of My Love» (1970)
  • «I've Been Loving You Too Long (Live)» (1971)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]