Ottar Dahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ottar Dahl
Fødd5. januar 1924
Nannestad kommune
Død4. april 2011
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkehistorikar, professor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Ottar Dahl (5. januar 19244. april 2011) var ein norsk historikar.[1]

Dahl vart fødd i Nannestad. Han vart dr. philos. i 1957 på ein historieteoretisk studie om årsakforklaringar i historiefaget. Han vart universitetsstipendiat 1957 og dosent i historie ved Universitetet i Oslo i 1960. Dahl var tilsett som professor i historie same stad frå 1966 til 1991.

Ottar Dahl var den norske historikaren som tidlegast spesialiserte seg på historieteori og historiefagets fagutvikling i Noreg, dvs. på historiografi. Ottar Dahl har utøvd størst innverknad gjennom verkt Norsk historieforsking i det 19. og 20. århundre som i over 40 år har vore standardverket om historiefagets utvikling i Noreg frå 1700-talet til tida etter 1970-talet. Her drøftar Dahl samanhengen mellom historiske syntesar sett fram av dei leiande historikarane i dei ulike epokane og dei ideologiske føremåla som han meiner å kunna avdekka at desse syntesane ser ut til å tena.

Han har òg skrive ei metodebok i kjeldekritikk som var i bruk i lang tid.

Dahl har òg skrive om framvoksteren til fascismen i Italia i mellomkrigstida.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ottar Dahl er død, HIFO-blog., arkivert frå originalen 17. august 2011, henta 21. mars 2021