Otto Herschmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Otto Herschmann
Statsborgarskap Austerrike
Fødd 4. januar 1877
Wien i Austerrike-Ungarn (no Austerrike)
Død

14. juni 1942
Izbica i Det tyske keisardømet (no Polen)

Idrett fekting, svømming
Yrke fektar
Medaljeoversikt
Tevla for Austerrike
Symjing
Sølv Sommar-OL 1896 100 meter fri
Fekting
Sølv Sommar-OL 1912 Sabel lag

Dr. Otto Herschmann (4. januar 187714. juni 1942) var ein austerriksk symjar og fektar. Han er ein av få som har vunne olympisk medalje i meir enn éin idrett.[1]

Olympisk symjekarriere[endre | endre wikiteksten]

Herschmann deltok fyrst under sommar-OL 1896 i Aten på 100 meter fri. Han vann sølv med tida 1:22.8, seks sekund bak gullvinnaren Alfréd Hajós.[2]

Olympisk fektekarriere[endre | endre wikiteksten]

Herschmann returnerte til sommar-OL i 1912 der han deltok som ein del av det austerrikske fektelaget. Laget vann sølv i sabelfekting.[2]

På den tida var han president i den austerrikske olympiske komité. Han er den einaste presidenten i ein nasjonal olympisk komité som har vunne OL-medalje medan han innehadde stillinga.[3]

Konsentrasjonsleir og død[endre | endre wikiteksten]

Herschmann vart arrestert i Wien av nazistane, og deportert 14. januar 1942, til utryddingsleiren Sobibor. Han døydde i konsentrasjonsleiren Izbica i tysk-okkuperte Polen seinare same år.[4]

Hall of Fame[endre | endre wikiteksten]

Herschmann, som var jøde, vart teken inn i International Jewish Sports Hall of Fame.

7. november 2001 vart ein vegstrekning, Otto-Herschmann-Gasse, i Simmering i Wien kalla opp etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]