Fekting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Russiske Igor Turtsjin og amerikanske Weston Kelsey i fektekamp under sommer-OL i 2004.

Fekting er kunsten å duellera med sverd. Sportsfekting som idrett blir rekna som ein kampsport. Olympisk sportsfekting har tre offisielle greiner: florett, sabel og kårde. I det aller fyrste OL-et i Aten i 1896 blei det konkurrert i florett og sabel, men kårde kom med i OL 1900 i Paris slik at alle tre våpengreiner var representerte. Noreg har berre hatt OL-deltaking i florett og kårde, aldri i sabel, med beste OL-resultat i 2012 då Bartosz Piasecki vann OL-sølv i kårdefekting.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Oppvisingsduell med kårde mellom fektemeistrane Joseph Bologne, Chevalier de Saint-Georges og Charles de Beaumont, Chevalier d'Éon 9. april 1787 i Carlton House, London

Moderne fekting har dei fjerne røtene sine i gammal krigskunst, og heilt tilbake i det gamle Egypt fanst det skular for sverdkamp. Seinare skulle mellom anna grekarane, romarane og vikingane sjå verdien i å læra seg våpenbruk. Å kunne svinga sverdet skikkeleg var livsviktig for einkvar krigar. Utover i mellomalderen utvikla våpena seg stadig vekk for å halda tritt med stadig betre rustningar. Dette kappløpet tok slutt etter kvart som krutvåpen gradvis fortrengde både sverd og rustningar frå slagfeltet.

Moderne fekting har anane sine frå den europeiske renessansen. Sverdet var blitt mindre viktig i krig, men var til gjengjeld det føretrekte våpenet i private duellar, særleg blant adelege. I Spania på 1500-talet var sverdet ein del av det sivile daglegantrekket, og fekteskular sørgde for å gje unge adelsmenn kyndig opplæring i effektiv duellering. Den nye fektinga førte med seg nye, lettare våpen, berekna for hurtige støyt heller enn tunge hogg. Floretten dukka opp som undervisingsvåpen, og fektekunsten blei del av det adelege danningsidealet. I fleire land blei det etterkvart lagt ned forbod mot privat duellering, eller ein søkte i det minste å avgrensa mannefallet ved å sørga for at kampane blei stoppa så snart nokon var stukke til blods. Den same regelen blei gjort gjeldande i den seinare kårdefektinga, ved at heile kroppen blei eit gyldig treffområde og ikkje berre dei vitale områda.

Sportsfekting[endre | endre wikiteksten]

Diego Confalonieri (v) mot Fabian Kauter (h) under Trophée Monal 2012

Moderne sportsfekting voks ut av den «klassiske» renessansefektinga og fekk truleg gjennombrotet sitt under dei fyrste olympiske leikane i 1896. Fekting blei til ei sportsgrein. Etter mange års usemje mellom den franske og italienske fekteskulen, blei FIE (Fédération Internationale d'Escrime) stifta i 1913 for å utvikla eit felles regelverk. Ein innførte elektrisk registreringsutstyr i 1934, slik at dømminga av den raske, nye idretten blei lettare.

Våpentypar[endre | endre wikiteksten]

Det finst tre typar våpen innan sportsfekting: kården, floretten, og sabelen.

  • Kården er den tyngste (opp mot 770 gram), og har den stivaste klinga og den største klokka (den som vernar handa). Dette er òg våpenet som har mest til felles med klassiske duellvåpen. I spissen finn ein ein utløyser, som ved eit trykk på 750 gram utløyser eit elektrisk signal som blir registrert på eit apparat ved sida av pisten. Kården er eit såkalla støyt- eller stikkvåpen, det vil seia at gyldige treff berre kan utløysast med spissen til våpenet. Ein kan setja gyldige støyt over heile kroppen. Kården har anten «pistolgrep»,«fransk grep» eller «italiensk grep» (lite brukt).
  • Floretten har ei mjukare klinge enn kården, og er òg eit støytvåpen. Ein skårar poeng ved treff på gyldig treff-flate som er torsoen til motstandaren, og støyten må ha eit minimumstrykk på 500 gram. Gyldig trefflate er dekt av ein florett-lame (metallvest) som blir brukt over fektejakken. Treff på kroppen til motstandaren utanfor florettlameen (ugyldige treff) blir registrerte med eit kvitt lys på elektroniske skåringsapparat, medan gyldige treff blir registrerte med farga lys (raudt/ grønt)
  • Sabelen er primært eit hoggvåpen der ein scorar poeng ved å bruka klinga til å treffa motstandaren. Eit lett hogg med sabelklinga er nok til å utløysa treffregistring på elektronisk skåringsapparat (raudt/grønt lys), i motsetnad til florett og kårde, der støyt må ha trykk på høvesvis 500 gram og 750 gram for å bli registrerte. I sabelfekting snakkar ein om å kutta eller hogga, heller enn å støyta eller stikka som for stikkvåpena florett og kårde. Gyldig treff-flate i sabelfekting er overkroppen, inkludert armane og hovudet. Poeng kan òg skårast med klingespissen. Elektrisk skåringsutstyr registrerer gyldige treff på sabel-lamé (metalljakka som blir brukt utanfor fektejakken) og på sabelmaska.

Utstyr[endre | endre wikiteksten]

Utstyr for sportsfekting: 1. jakke
2. Hanske
3. Leidning 4. Kårdar 5. Knebukser 6. Maske 7. Undervest (plastron, brystvern)

Fekteutrusting består av jakke, bukse, maske, undervest (plastron), hanske, sokkar, sko, våpen og kroppsleidning. Kvinner treng dessutan brystplate og mange gutar/menn bruker susp i kårdefekting, noko som ikkje er vanleg for florett- og sabelfekting. For florettfekting må fektaren i tillegg ha metallvest ytst, ofte kalla florett-«lamé», medan fektaren i sabelfekting har ei metalljakke (sabel-«lamé») med erme. Metallvesten og metalljakka dekker gyldig trefflate i høvesvis florett- og sabelfekting, slik at treff utanfor vesten/jakka blir registrerte på elektroniske skåringsapparat som ugyldige (florett) eller ikkje blir registrerte (sabel).

Maskene som blir brukte for kvart våpen er forskjellige, grunna forskjellige gyldige trefflater for kvart våpen.

Fektejakke, undervest og bukse er laga av kevlar eller eit anna eigna materiale, og FIE-merka fekteklede skal tola eit trykk på 800 Newton per mm² (altså 800 megapascal eller omtrent 8 000 gongar lufttrykket), medan maskeskjegget skal tola eit trykk på 1 600 Newton per mm². Det finst òg fekteklede i 350 Newton-kvalitet, mest brukt til trening og for barn. Tryggingskrava for fekteutstyr er sette for å unngå skade dersom ei våpenklinge skulle brekka. Krava er blitt utvikla fortløpande ut frå erfaringar. Skadar er svært sjeldne i sporten.

Pisten[endre | endre wikiteksten]

Konkurranseområdet i fekting blir kalla pist, og er 1,5-2 meter breitt og 14 meter langt. Det består i praksis av eit finvove teppe av kopartråd eller eit anna eigna materiale. Pisten blir delt på midten av ei tverrlinje. To meter frå tverrlinja er det ei gardlinje på begge sider, der fektarane har utgangstilling ved kampstart og treff. Overflata til pisten er elektrisk leiande, slik at treff på denne ikkje blir registrerte.

OL[endre | endre wikiteksten]

Fekting har vore med på det olympiske programmet sidan starten av dei moderne olympiske leikane i Aten i 1896. I OL 1896 var det berre florett og sabel som fektarane konkurrerte i, og kårde kom fyrst med blant fekteøvingane i OL 1900, haldne i Paris. Kvinner fekk høve til å delta for fyrste gong i Paris i 1924.

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

Fekting i Noreg har lange tradisjonar. Idretten blei organaisert allereie i 1906 då ein stifta Oslo Fekteklub. Dette var kimen til at Noregs Fekteforbund blei stifta i 1911, og Noreg var eitt av 9 europeiske land som bidrog til å stifta FIE.

I Noreg fektar ein hovudsakleg med kårde, og det har sidan 1987 berre blitt arrangert noregsmeisterskap (NM) i denne greina. Siste NM i sabel (berre for herrar) blei halde i 1973, og siste NM i florett (for både damer og herrar) blei halde i 1986.[1][2][3]

I 2017 arrangerte Kristiansand Fekteklubb, i samarbeid med Molde Fekteklubb, Nordiske Meisterskap i sabelfekting, der sabelfektarar frå ni land deltok.[4]

Sidan 1980-åra er det dermed berre i våpengreina kårde at Noreg kan visa til internasjonale resultat, sidan det ikkje har vore noko norsk landslag i florett eller sabel. Claus Severin Mørch frå Bygdø fekteklubb tok i 2005 bronsemedalje i senior-VM. Sturla Torkildsen frå Njård fekting tok i 1999 bronse i EM for juniorar. Sturla Torkildsen var den einaste norske deltakaren i fekting under OL i Beijing i 2008. Fredrik Backer frå Njård fekting blei europameister U23 i 2008, og har tatt to bronsar i junior-VM. Det norske juniorlandslaget for gutar tok VM-sølv i lagkonkurransen i junior-VM 2005. Mariella Fossum frå Bygdø tok sølv i kadettkonkurransen same året.

Njård fekting er òg fleire gangar Nordiske meistrar i lag for herrar dei siste åra, og har ein 6.-plass frå Europacupen i 2007 (meisterligaen for fekting).

Beste norske plassering i OL er Bartosz Piasecki frå Bygdø Fekteklubb med sølv frå sommar-OL i London 2012. Beste plassering før det var Nils Koppang frå Oslo fekteklub, med 11.-plass i 1984.

Kristiansand Fekteklubb hadde i perioden 2009-2015 fekting i alle tre våpengreiner. Klubben meldte seg ut av Noregs Fekteforbund i 2014 i protest mot at forbundet ikkje ville støtta like utviklingsmoglegheiter for alle tre våpengreinene, i tråd med Norges idrettsforbund sine verdiar om likeverd og mangfald.[5][6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «"Om Fekting", Norges Fekteforbund webside» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 31. januar 2016. Henta 24. januar 2016. 
  2. «Florett - Store norske leksikon». Henta 24. januar 2016. 
  3. «Sabel - Store norske leksikon». Henta 24. januar 2016. 
  4. Skår, Kari Løberg (15. oktober 2017), «Fektere fra ni land konkurrerte i Kristiansand», NRK (på norsk bokmål), henta 31. oktober 2022 
  5. «Fekteklubben melder seg ut av Norges Fekteforbund». Arkivert frå originalen 24. januar 2016. Henta 24. januar 2016. 
  6. «NIFs verdier». Henta 24. januar 2016.