Otto K. Rømcke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Otto K. Rømcke

Fødd2. november 1868
Nesbyen kommune
Død7. april 1954 (85 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, forretningsdrivande
Utdanna vedOslo Handelsgymnasium
Alle verv

Otto Knoph Rømcke (2. november 18687. april 1954) var ein norsk trelasthandlar, skogeigar og politikar frå Drammen, fødd i Nes i Hallingdal. Han var stortingsmann 1919-24 for partiet Høgre.

Rømcke utdanna seg ved handelsgymnas i hovudstaden, arbeidde deretter fleire år i England, Tyskland og Frankrike. I mange år dreiv han Landfall Brug og til 1916 Ramfos Træsliberi. I «tidsrummet fra før den første verdenskrig og til tidsrummet 1925 var Otto K. Rømcke ubestridt den fremste leder innenfor Drammens og distriktets næringsliv og var den krumtappen det meste dreiet seg om».

Frå 1914 til 1919 var Rømcke ordførar i Drammen. Hausten 1918 vart han vald inn på [[Stortinget]9 frå einmannskrinsen Bragernes, tre år seinare lukkast han verte attvald frå valkrinsen Hønefoss, Drammen, Kongsberg. Begge tingbolkane representerte han partiet Høgre. Heile stortingstida sat han i Skog- og vassdragskomiteen, nestformann frå 1922.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]