Otto Wels

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Otto Wels

Fødd15. september 1873
Berlin
Død16. september 1939 (66 år)
Statsborgar avDeutsches Reich
PartiSozialdemokratische Partei Deutschlands
Yrkepolitikar
Alle verv
  • medlem av riksdagen under Weimarrepublikken (1918–1933)
  • medlem av Riksdagen i Det tyske keiserrike (1912–1918) Sjå dette på Wikidata

Otto Wels (15. september 187316. september 1939) var ein tysk sosialdemokratisk politikar. Wels var fødd i Berlin, og døydde i eksil i Paris. Han var leiar i Det tyske sosialdemokratiske partiet SPD frå [[1919 Otto Wels fekk eit namn i historia då han i sin siste riksdagstale 23. mars 1933 argumenterte mot fullmaktslova til nazistane, og grunngav korfor SPD gjekk imot denne. Dette sitatet frå talen har vorte berømt: "Fridom og liv kan dei ta frå oss, men ikkje æra."

Talen hans gjeld som dei siste frie orda i den tyske riksdagen i mellomkrigstida. Alle 94 representantane frå SPD som var til stades røysta imot lova. Resten av riksdagen, alle dei borgarlege representantane, røysta for. Det tyske kommunistpartiet KPD var alt forbode, og mange av riksdagsrepresentantane deira hadde vorte arresterte eller myrda.

I august 1933 vart Wels fråtatt den tyske statsborgarskapen sin. Wels levde i eksil resten av livet, først i det franskkontrollerte Saarland, sidan i Praha, der han var med å byggje opp eksilorganisasjonen til SPD, og til slutt i Paris, der han døydde.

Til ære for Otto Wels finst det i Berlin-Neukölln ein Otto-Wels-Ring. Det finst Otto-Wels-gater i fleire andre tyske byar òg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]