Otto von Guericke
Utsjånad
| Otto von Guericke | |||
| Otto von Guericke, stikk av Anselmus von Hulle, (1601-1674) | |||
| Fødd | 20. november 1602 Magdeburg i Tyskland | ||
|---|---|---|---|
| Død | 11. mai 1686 (83 år) Hamburg i Tyskland | ||
| Statsborgarskap | tysk | ||
| Nasjonalitet | tysk | ||
| Område | Fysikar, politikar | ||
| Yrke | fysikar, oppfinnar, politikar, jurist, ingeniør, instrumentmaker, vitskapsperson | ||
| Institusjonar | Magdeburg | ||
| Alma mater | Universitetet i Leipzig | ||
| Kjend for | Forsking og eksperiment for vakuum | ||
| Barn | Otto von Guericke | ||
Otto von Guericke (20. november 1602–11. mai 1686) var ein tysk fysikar.
Han var frå 1627 rådsherre og 1646–1681 borgarmeister i Magdeburg. Guericke konstruerte den første luftpumpa, som han i 1654 demonstrerte for riksdagen i Regensburg med sine magdeburgske halvkuler. Guericke laga òg eit vassbarometer, som han meinte å kunne føresjå uvêr med, og han konstruerte den første elektrisermaskina. Han fann vekta til lufta, og gjorde forsøk med elektrisk fråstøyting. Resultata av forsøka sine skildra han i verket Experimenta Nova som kom ut i sju bind i Amsterdam i 1672.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Otto von Guericke. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 8. november 2013.