Hopp til innhald

Ourense

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ourense
Orense
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Spania
Region Galicia
Provins Ourense
Høgd 132 m
Areal 85,2 km²
Folketal 104 891 (2024)
Kart
Ourense
42°20′08″N 7°51′51″W / 42.33556°N 7.86406°W / 42.33556; -7.86406
Wikimedia Commons: Ourense

Ourense (spansk Orense) er ein by nordvest i Spania og provinshovudstaden i provinsen Ourense i Galicia. Han har kring 110 000 innbyggjarar, om lag 30 % av innbyggjarane i provinsen.

Byen ligg ved breidda av elva Minho sør i sentrale område av provinsen.

Opphavet til byen kan sporast tilbake til romarane og varmekjeldene her kalla Burgas. Desse er framleis synlege i dag. Det var òg trong for å bygge festningsverk her for å verne ein vadestad over Minho. Etter romarane vart Ourense ein del av kongedømet til suebane på 400- til 600-talet, og han vart øydelagd av maurarane i 716. Han vart seinare bygd opp att av Alfonso III av Asturias rundt 877. Vikingane og den arabiske krigsherren Al-Mansur plyndra begge byen og øydela han stort. Det avrt først under Sancho II og systera hans Doña Elvira at byen vart busett på nytt på 1000-talet. Ourense voks først til ein by på 1100-talet.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Ourense