Maurarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Maurarane)

Maurarane var i oldtida namnet på dei berbiske stammane i Mauretania, som no er Marokko. Seinare vart det namn på arabarane som styrte i Spania og Portugal, og er tydinga ordet gjerne har i dag.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Scene frå gjenerobringa, der kristne styrkar møtte muslimske.

Maurarar invaderte først dei visigotiske landa på Iberiahalvøya i 711. Dei fekk herredøme over det meste av landet, men blei stoppa av Karl Martell i 732 då dei prøvde å ta seg over Pyreneane. I 1212 byrja den europeiske gjenerobringa av området, sjølv om det muslimske kongedømet Granada skulle vara to hundreår til, og skapa meisterverk i byggjekunst som Alhambra. Den 2. januar 1492 måtte den siste muslimske leiaren, Boabdil, gje opp Granada til hæren frå det nyleg sameinte spanske kongedømet. Dei gjenverande muslimane måtte konvertera til kristendommen eller forlata riket.

Dei utviste maurarane drog i hovudregel til Marokko, Algerie eller Tunisia, og sette sitt preg på kulturen der. Dei som blei igjen, såkalla moriscos, heldt særleg til i Aragon, Valencia og Andalusia. Desse blei systematisk utviste frå landet på 1610-talet.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Den spanske forma av ordet, moros, fekk seinare tydinga afrikanar, det vil seia neger.