Overstyrmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein overstyrmann har ansvaret for lasta ombord

Overstyrmann er den dekksoffiser som har rang nest etter skipsførar på eitt skip, og som overtek kommandoen dersom skipsførar blir ute av stand til å ta vare på sine plikter.[1]

For å tenestegjere som overstyrmann på passasjerskip, lasteskip større enn 15 meter, fiskefartøy større enn 10,67 meter, samt på lekter, krevs det relevant kompetansesertifikat for dekksoffiser.

Stillinga inneber hovudansvar for laste- og losseoperasjonar, og behandling av last. Overstyrmann har óg ansvar for skipet sin stabilitet, administrativt arbeid, samt sikkerheit og vedlikehald på dekk. Ofte er overstyrmann óg medisinsk ansvarleg om bord.[2]

Referanser[endre | endre wikiteksten]

  1. «Forskrift om kvalifikasjoner og sertifikater for sjøfolk - Lovdata». lovdata.no (norsk). Henta 28. mars 2018. 
  2. «Bli kjent med yrket: Overstyrmann». utdanning.no (bokmål). Henta 28. mars 2018.