Pál Teleki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pál Teleki
Pál Teleki 01.jpg
Fødd1. november 1879
Budapest
Død3. april 1941
Budapest
NasjonalitetUngarn
PartiNational Constitution Party
Yrkepolitikar, diplomat, geograf
InstitusjonarUniversitetet i Budapest
Utdanna vedUniversitetet i Budapest
MedlemDet ungarske vitskapsakademiet
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina

Pál Teleki von Szék (1. november 18793. april 1941) var ein ungarsk greve, vitskapsmann og politikar. Han var statsminister i periodane 1920–1921 og 1939–1941.[1]

Teleki var frå 1919 professor i geografi i Budapest. I 1920 var han ungarsk utanriksminister.

Til trass for si negative haldning i høve til Nazi-Tyskland blei Teleki tvinga til å gjera visse diplomatiske og militære konsesjonar. Då Adolf Hitler kravde ungarsk assistanse ved angrepet på Jugoslavia i i 1941 freista Teleki å manøvrera slik at landet ikkje blei trekt inn i storkrigen. Detta lukkast ikkje, og han tok livet sitt i fortviling over at politikken hadde slått feil. Han blei etterfolgd av László Bárdossy.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hungary». World Statesmen. Arkivert frå originalen den 23 October 2016. Henta 17 December 2008.