Pålestikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pålestikk

Pålestikk er ein type knute som dannar løkketauenden som ikkje utvidar seg.

Det enklaste pålestikket lagar vi ved å vri tauet til ein løkke, plassere tampen gjennom denne løkka, rundt langparten, og tilbake gjennom løkka, slik at vi lagar eit flaggstikk der.

For kvar knute vi nyttar for å skjøte to tau saman, finst det ei tilsvarende løkke. Pålestikk kan seiast å vere ei flagstikkløkke.

Løkka som vert danna av eit pålestikk

  • vil ikkje utvide seg,
  • vil som regel ikkje løsne av seg sjølv,
  • vert løsna enkelt sjølv etter at ho har bore mykje vekt, ved å bøye hovedtauet,
  • er ikkje bombesikker i si enklaste form; den lause enden må sikrast mot å arbeide seg bakover under bruk.