Løkke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Løkka Bellevue låg der Slottet vart bygd seinare. Gouache av Augusta Hanson frå 1800.
Foto: Rune Aakvik/Oslo Museum

Løkke er i Oslo anten eit ope og ikkje utbygd tomteareal mellom husa i byen, gjerne nytta av borna i stroket som leikeplassar eller improviserte fotballbanar (stad for «løkkefotball»)[1], eller ein eigedom, byløkke, som opphavleg var eit gardsbruk i den såkalla bymarka utanfor sjølve byen for dei som hadde sin eigedom i byen, men som med tida vart til landstad for velståande folk som budde i byen[2].

Soga om byløkkene[endre | endre wikiteksten]

Dei såkalla byløkkene (landstadene) var opphavleg område i bymarka som var utparsellert og knytt til eigedomar i byen for dyrking av jord til sjølvberging i dei tidene då det var vanleg å halde seg med buskap (husdyr) i sjølve byen. Dette var vanleg fram til inn på midten av 1800-talet. Bymark hadde allereie det gamle Oslo, altså det Oslo som eksisterte før byen vart flytt nærare Akershus festning og gjeve namnet Christiania, og var opphavleg meint å nyttast som sams beite for husdyra til byborgarane. Gardane Ulven, Teisen og Bryn, som domkapitlet (kyrkja) hadde eigd, la Kongen ut som bymark i 1582. Men då byen vart flytt, vart denne marka lagt ut til bruk for Akershus festning for å erstatte dei areala som den nye byen vart bygd på, og som festninga hadde nytta til dess. Ved kongebrev av 10. mai 1629 vart nye store område med gamle storgardar på vestsida av Akerselva, til saman om lag 4500 mål, lagd ut til bymark, og det var denne bymarka som vart delt opp i areal, løkker, som kvar eigedom inne i byen fekk fast råderett over. Storleiken på arealet vart fastsett i samsvar med storleiken på garden inne i byen. For arealet vart det fastsett ei fast avgift, løkkeskatt, til bykassa, for bymarka var framleis meint å vere felleseige for byen. Difor fekk ikkje dei som disponerte løkkene lov til å byggje bustadhus på areala, berre løer for korn og høy. Men folk vrei seg unna forbodet ved å byggje ein ark på løa (utbygg på taket med rom og vindauge), og med dette oppstod det ei særeigen type løer i bymarka utanfor Christiania som vart kalla arklåver (arkløer). Den siste av slike arkløer, ei frå 1780-åra, var teke vare på heilt til fram 1963, då ho vart øydelagd i ein brann[3].

Men ikkje lenge etter kongebrevbrevet frå 1629 var det òg dei i byen med status og pengar som tok seg til rette ved å inngjerde store areal i bymarka, og bygde våningshus og uthus her. Seinare vart løkkene selt særskild, ikkje i samanheng med dei gardane inne i byen som dei skulle vere knytt til. Magistraten tok dessutan til å pakte bort løkker. I løpet av to hundre år var heile den opphavleg felleseigde marka for byen vorte private eigedomar. På 1700-talet vart løkkene meir og meir landstader med tillaga hagar ikring, og J.S Welhaven skreiv i 1834 at Christianina er «omspændt af en reserveby af løkker». Med tida spreidde byen seg over desse løkkene, og berre nokre av dei største har sett spor etter seg i namn på bystrok eller gater. Det einast som no er att av bymarka er Stensparken og parken på St. Hanshaugen. Bymarka hadde soleis ikkje noko å gjere med det som i dag er marka ikring Oslo, Nordmarka, Østmarka, Lillomarka.

Fotnoter[endre | endre wikiteksten]

  1. Oslo byleksikon 2010, side 345
  2. Oslo byleksikon 2010, side 111
  3. Oslo byleksikon 2010, side 624 (om Voldsløkka)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]