Pænda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pænda
PÆNDA Waves Vienna 2017 e.jpg
Fødd29. januar 1988 (34 år)
FødestadDeutschlandsberg
AliasPænda
OpphavAusterrike
Aktiv2016–
Sjangerpop, synthpop
Instrumentvokal
PlateselskapWohnzimmer Records
Verka somsongar, låtskrivar, produsent

Gabriella Horn (fødd 29. januar 1988[1]), best kjend under artistnamnet Pænda (òg skrive PÆNDA og Paenda), er ein austerriksk låtskrivar og elektropop-artist. Ho representerte Austerrike i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel med songen «Limits».[2][3]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Horn vaks opp i byen Deutschlandsberg i delstaten Steiermark i Austerrike. Som seksåring byrja ho å synga i kor, og som 14-åring skreiv ho dei fyrste songane sine.[4][5] Ho lærte òg å spela gitar og piano, og ho drog til hovudstaden Wien som 20-åring. Der studerte ho jazz og pop ved Vienna Music Institute og vart uteksaminert i 2013.[6]

Pænda bur no i Ottakring, der ho komponerer musikk, skriv tekstar og melodiar.[5] Ved konsertar får ho instrument- og vokalstøtte av systera si og ei venninne.[7] Ved sida av musikkarrieren jobbar ho òg som songlærar innan popsjangeren ved ein musikkskole i Leobersdorf.[4][8][6] I 2015 deltok ho i den tyske reality-TV-serien Popstars.[9]

Pænda representerte Austerrike i Eurovision Song Contest i Tel Aviv i mai 2019 med songen «Limits».[10][11][12]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 2017: «Waves»
  • 2018: «Good Girl»
  • 2018: «Paper-thin»
  • 2019: «Limits»

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 2018: Evolution I
  • 2019: Evolution II

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Christian Ude: ESC-Ticket für Pandabär mit blauem Haar. In: Kleine Zeitung, 30. januar 2019, s. 76–77.
  2. «Austria picks PAENDA for Eurovision 2019». Henta 31. januar 2019. 
  3. «PÆNDA - Austria — Tel Aviv 2019». Henta 7. mai 2019. 
  4. 4,0 4,1 «Pænda fährt für Österreich zum Song Contest. Wer ist sie? - derStandard.at» (på tysk). Henta 31. januar 2019. 
  5. 5,0 5,1 «PÆNDA ist Pop aus Ottakring» (på tysk). Henta 31. januar 2019. 
  6. 6,0 6,1 «Gabriela» (på tysk). 23. august 2012. Arkivert frå originalen 2019-01-30. Henta 31. januar 2019. 
  7. «64. Song Contest: Paenda singt für Österreich» (på tysk). Henta 31. januar 2019. 
  8. «Musikschule Leobersdorf» (på tysk). Henta 31. januar 2019. 
  9. Popstars 2015 powered by MySpass. «Gabriela die Quoten-Österreicherin | Steckbrief – POPSTARS». YouTube. Henta 31. januar 2019. 
  10. «Pænda startet für Österreich beim Song Contest» (på tysk). Henta 31. januar 2019. 
  11. «Song Contest: Paenda singt für Österreich» (på tysk). 29. januar 2019. Henta 31. januar 2019. 
  12. Heute, www heuta at. «Das ist unsere Song-Contest-Starterin PAENDA» (på tysk). Henta 31. januar 2019.