P-pille

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Påbyrja p-pillepakke, Levlen®ED (ikkje på marknaden i Noreg)

P-pilla er ein hormonpille av østrogen og progesteron kvinner kan taka for å unngå normal fruktsemd. Pilla hindrar eggløysing frå eggstokken. P-pilla vart fyrst godkjend som prevensjonsmiddel 1960 i USA, etter det har ho vorte særs populær. Ho vert nytta av over 100 millionar kvinner i heile verda. Bruken varierer etter land, alder, utdanning og sivilstatus: 25 % av kvinnene i Storbritannia mellom 16-49 brukar p-pilla, men berre under 1 % av kvinner nyttar ho i Japan.

Pilla må takast til same tid kvar dag. For at ho skal vera mest mogleg effektiv lyt ein ikkje hava meir enn 2 timar slingringsmonn. Dei fleste merkene kjem i ein av to innpakkingar, med dagar markert på ein 28-dagar syklus. For 21-pille-varianten tek kvinna ei pille i tre veker fylgd av ei veke utan piller. Med 28-pille-varianten tek ein piller alle dei 4 vekene, med dei siste 7 pillene som placebo- eller sukkerpiller. Placebopillene er der oftast berre for å gjera det enklare å hugsa kor tid ein skal starta på nytt brett.

Kvinna vil få ein menstrual blødning ein gong midt i den hormonfrie veka. Ho er likevel sikra mot fruksemd, so sant ho startar på pillene med ein gong veka er ferdig.