Paleosol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Raud paleosol i Pennsylvanian Boss Point Formation i Nova Scotia.
Paleosolsekvens i Toscana i Italia.

Paleosol er gamalt jordsmonn som blei danne i fortida. Den presise definisjonen av termen i geologi og paleontologi er litt ulik den ein bruker i jordartslære.

I geologi og paleontologi er ein paleosol tidlegare jordsmonn som er bevart gjennom dekking av anten løss bli ellersedimentar eller av vulkanske avsetningar (vulkansk oske), som ved eldre avsetningar er blitt litifisert til stein. I kvartalgeologi, sedimentologi, paleoklimatologi og geologi generelt er det den typiske og aksepterte praksisen å bruke ordet «paleosol» for å visa til slik «fossiljord» som er funnen begrava i sediment og vulkanske avsetningar som finst på alle kontinenta.[1][2]

I jordartslære skil definisjonen seg berre litt: Paleosoler er jord som er danna for lenge sidan og som ikkje har noko samband i dei kjemiske og fysiske karaktertrekka sine til dagens klima eller vegetasjon. Slike jordtypar finst i svært gamle kontinentale kratonar, eller i små spreidde stader i gamle berg.

Paleobotani[endre | endre wikiteksten]

Paleosolar er viktige arkiv av informasjon om gamle økosystem, og ulike komponentar av fossil jord kan nyttast til å studera planteliv i fortida. Paleosolar inneheld ofte gamle plantemateriale som pollen og fytolittar, ei biomineralisert form for silika som blir produsert av mange planter, som gras. Både pollen og fytolittfossil frå ulike planteartar har karakteristiske former som kan sporast tilbake til foreldreplantane.[3] Over lange geologiske tidsskalaer kan fytolittar ikkje nødvendigvis bli bevart i paleosolar ettersom silikaformene kan løysast opp.

Ein annan indikator for planteliv i paleosolar er karbonisotopsignaturar. Tilhøvet mellom ulike karbonisotopar i organisk materie i paleosoler speglar tilhøvet mellom plantar som bruker C-3-fotosyntese, som er vanlege i kjøligare og fuktigare klima, og plantar som brukar C-4-fotosyntese, som passar betre i varmare og tørrare forhold.[4] Andre metodar for å undersøka planteliv i fortida i paleosolar er basert på å identifisera restar av lauvvoks, som blir brote ned sakte i jord over tid.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Retallack, G.J. (2001). Soils of the Past (2nd utg.). New York, NY: Blackwell Science. ISBN 0-632-05376-3. 
  2. Kraus, M.J. (1999). «Paleosols in clastic sedimentary rocks: Their geologic applications». Earth-Science Reviews 47 (1): 41–70. Bibcode:1999ESRv...47...41K. doi:10.1016/S0012-8252(99)00026-4. 
  3. Kurmann, M.H. (1985). «An opal phytolith and palynomorph study of extant and fossil soils in Kansas (USA)». Palaeogeography, Palaeoclimatology, Palaeoecology 49 (3): 217–235. Bibcode:1985PPP....49..217K. doi:10.1016/0031-0182(85)90055-0. 
  4. Cerling, T.E. (1984). «The stable isotopic composition of modern soil carbonate and its relationship to climate». Earth and Planetary Science Letters 71 (2): 229–240. Bibcode:1984E&PSL..71..229C. doi:10.1016/0012-821X(84)90089-X. 
  5. Zhang, Z.; Zhao, M.; Eglinton, G.; Lu, H.; Huang, C.Y. (2006). «Leaf wax lipids as paleovegetational and paleoenvironmental proxies for the Chinese Loess Plateau over the last 170 kyr». Quaternary Science Reviews 25 (5): 575–594. Bibcode:2006QSRv...25..575Z. doi:10.1016/j.quascirev.2005.03.009.