Pamvótidasjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pamvótidasjøen
innsjø
Land  Hellas
Område Ípiros
Innsjøtype Reservoar
Lengd km
Breidd 3−4 km
Areal 50 km²
Koordinatar 39°30′N 30°42′EKoordinatar: 39°30′N 30°42′E
Byar Ioánnina og Pérama
Kart
Pamvótidasjøen
39°39′45″ N 20°53′6″ E
Wikimedia Commons: Lake Pamvotis

Pamvótidasjøen (gresk Λίμνη Παμβώτιδας Límni Pamvótidas), òg kalla Ioánninasjøen (gresk Λίμνη Ιωαννίνων, Límni Ioannínon), er den største innsjøen i Ípiros i Hellas og ligg nær den sentrale delen av periferieininga Ioánnina i Hellas. Han ligg aust for byen Ioánnina, medan småbyen Pérama ligg i nord. Resten av dei omliggande områda er jordbruksområde, medan områda lenger nord og aust er fjellendt. I innsjøen ligg det ei lita øy like ved byen Ioánnina. Det er den einaste busette øya i ein innsjø i Hellas. Øya har ikkje noko namn, men blir berre omtalt som Øya (gresk Η νίσος, I nísos) eller Ioánnina øy.

Forureining øydelegg leveområda til dyra som brukte å leve her. Eutrofiering er hovudproblemet og om sommaren er blågrøne algar ganske vanleg.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]