Panfløyte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Panfløyte
RoemeensePanfluit.jpg
Klassifiseringend-blown flute
Hornbostel-Sachs klassifisering421.112

Panfløyte (gresk syrinx) er eit musikkinstrument samansett av ein serie parallelle røyr av ulik lengd, opne i øvste enden og lukka i andre enden. Ved at fløytespelaren held munnen inntil kanten av opninga på kvart av røyra og presser ned i dei ein luftstraum i ei valt rekkefølgje, gjev dei ulike lengdene på røyra ulike toner i ein melodi.

Instrument av dette slaget er særs gamle og kjende frå mange område kringom i verda. Dei er lagd av ulike materiale og i mange ulike utformingar, og med mange ulike nemningar. Nemninga panfløyte er europeisk, og har opphav i at den antikke greske skogsguden Pan hadde ei slik fløyte som sitt musikkinstrument. Det vanligaste naturmaterialet for å lage panfløyter av, er bambus, som høver godt til føremålet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Panfløyte