Pantsjasila

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Pantsjasila (sanskrit pañcaśīla; pali pañcasīla, også skrive panca-sila), dei fem boda, føresegnene, retningslinene eller ferdigheitene, er grunnleggjande etiske retningsliner innan buddhismen. Dei er rekna som reglar buddhistiske lekfolk (upāsaka og upāsikā), det vil seia buddhistar som ikkje er munkar, nonner eller novise bør følgja. Retningslinene går ut på å avstå frå å drepe levande vesen, frå å ta noko som ikkje er gjeve, frå upassande seksuell oppførsel, frå å tala usant og frå å bruka rusmiddel.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Rainbow Dharma», Buddhistforbundet (på norsk bokmål), henta 4. april 2021 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Harvey, Peter (2007). An Introduction to Buddhism: Teachings, History and practices. Cambridge: Cambridge University Press. ISBN 0-521-31333-3.