Papiljott
Hopp til navigering
Hopp til søk
- For steikemetoden, sjå en papillote.
Papiljott (frå fransk papillote, av papillon, 'sommarfugl') er ein rull av papir, skinn, gummi, plast eller metall som ein kan rulla hårlokkar omkring for å gjera det krøllete. Ordet kan også visa til krøller laga på dette viset.
Papiljottering tek lang tid i høve til krølltong, men er meir skånsamt for håret.[1] Det kan også gje meir fylde enn anna type krølling.[2]
Ein kan bruka papiljottar over natta eller gjennom dagen før ein tek dei ut. Det kan vera stor skilnad på om det er akseptabelt å visa seg ute med papiljottar i håret eller ikkje.[2]
Mann med papiljottar i eit måleri av Pavel Fjedotov frå 1800-talet.
Tysk kvinne med papiljottar hjå frisøren i 1952.
Kvinne tek selfie med papiljottar i 2006.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Papiljotter i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1914)
- ↑ 2,0 2,1 Susan Lee, «Fashion: Hair curls for Liverpool girls». Liverpool Echo, 4 March 2009.
- «Papiljott» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 12. april 2015.
- «papiljott» i Nynorskordboka.