Papirstorleik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Papirstorleik blir standardisert etter ISO 216. Standarden definerer ei rad med storleikar, der ei endring frå eitt tal til neste større tal inneber ei halvering av den lengste sida, som om ein brettar arket midt på langsida.

Proporsjonar

Eksempelvis er A4-papir 210 × 297 mm, og A5 er 148 × 210 mm.

Eit A0-ark måler éin kvadratmeter. Papirvekt blir rekna slik at eksempelvis 80 g-papir er papir der eit A0-ark veg 80 gram. Eit A4-ark av 80-g printerpapir veg såleis 5 g (det går 16 A4-ark på eit A0-ark).

A- og B-formata høver med metersystemet; A0 fyller ein kvadratmeter, mens B0 er ein meter på kortsida.

For konvoluttar finst ei C-rekke, som er utforma slik at ein kan leggje det tilsvarande A-papiret inn i konvolutten. Ein C5-konvolutt passer derfor til eit A5-ark eller eit bretta A4-ark.

Dei internasjonale standardane for papirstorleik blir brukt over det meste av verda, men i mindre grad i amerikanske land.

Internasjonale papirstorleikar (ISO 216)[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon av ISO A-format
Namn Storleik (mm) Namn Storleik (mm) Namn Storleik (mm) Namn Storleik (mm) Namn Storleik (mm)
A0 841 × 1189 B0 1000 × 1414 C0 917 × 1297        
A1 594 × 841 B1 707 × 1000 C1 648 × 917 D1 545 × 771    
A2 420 × 594 B2 500 × 707 C2 458 × 648 D2 385 × 545    
A3 297 × 420 B3 353 × 500 C3 324 × 458 D3 272 × 385 E3 400 × 560
A4 210 × 297 B4 250 × 353 C4 229 × 324 D4 192 × 272 E4 280 × 400
A5 148 × 210 B5 176 × 250 C5 162 × 229 D5 136 × 192 E5 200 × 280
A6 105 × 148 B6 125 × 176 C6 114 × 162 D6 96 × 136 E6 140 × 200
A7 74 × 105 B7 88 × 125 C7 81 × 114 D7 68 × 96    
A8 52 × 74 B8 62 × 88 C8 57 × 81        
A9 37 × 52 B9 44 × 62 C9 40 × 57        
A10 26 × 37 B10 31 × 44 C10 28 × 40        

Når man ser bort frå tilpassing som følgje av avrunding, kan papirstorleiken i dei tre hovudseriane bli rekna ut av ein matematisk formel:

Namn Storleik (m) Namn Storleik (m) Namn Storleik (m)
An Bn Cn