Papuaprovinsen
Papuaprovinsen | |
---|---|
Plassering | |
![]() | |
Styresmakter | |
Land | Indonesia |
Hovudstad | Jaya Pura |
Guvernør | Lukas Enembe |
Geografi | |
Flatevidd | 317 062 km² |
Innbyggjarar - Totalt - folketettleik |
2 851 999 9 /km² |
Annan informasjon | |
Nettstad: http://www.papua.go.id/ |
Papua er ein indonesisk provins vest på Ny-Guinea (Vest-Papua). Han grenser til Papua Ny-Guinea i aust.
Papuaprovinsen fekk sitt noverande namn i 2002. Tidlegare heitte han Irian Jaya og før dette Vest-Irian eller Irian Barat. Provinsen Papua Barat eller Vest-Papua (tidlegare kalla Irian Jaya Barat) var tidlegare ein del av Papua, men blei skild ut som eigen provins i 2003.
Konflikt mellom separatistar og styresmaktene held fram (2019).[1]
Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]
Dei opphavlege innbyggjarane i provinsen er mange ulike folkegrupper, som amungme, asmat, bauzi, dani, kamoro, kombai, korowai, mee, sentani, yali og yei. Tilflytting frå andre delar av Indonesia har ført til stor auke i innflytta folkegrupper.
Sidan 1990-talet har folketalet i Papuaprovinsen auka kraftig, Med ein årleg folkevekst på over 3 % har han gjennom mange år hatt den største folkeauken i Indonesia. Frå folketeljinga i 2000 til den i 2010 steig innbyggjartalet frå 1,9 til 2,9 millionar.[2] Auken kjem delvis av eit høgt tal barnefødslar per kvinne, men byggjer hovudsakleg på den høge tilflyttinga.
I folketeljinga frå 2010 rekna 83,15 % av Papua-innbyggjarar seg som kristne (65,48 % protestantar og 17,67 % katolikkar). 15,89 % var muslimar og under 1 % var buddhistar eller hinduar.[3] Mange papuanarar følgjer også animstiske tradisjonar.
Hovudstad og største by i provinsen er Jayapura. I tillegg til dei store indonesiske byane langs kysten finst også ei større innlandsbusetjing i og rundt Wamena i Palim-dalen i dei sentrale høglanda.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ At least 26 killed as Indonesia’s Papua rocked by violence. Bangkok Post. Vitja 2019-09-24
- ↑ «Population growth ‘good for Papua’», The Jakarta Post, Mon, August 23 2010
- ↑ Papua province - Population by Region and Religion
- Denne artikkelen bygger på «Papua (province)» frå Wikipedia på engelsk, og «Papua» frå Wikipedia på svensk den 8. april 2013.