Parallaktisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Parallaktisk er oppstillinga av ein astronomisk kikkert når han kan dreiast om ein akse parallell med jordaksen (timeaksen eller polaksen) og ein akse vinkelrett på denne (deklinasjonsaksen). Ved jamn dreiing om timeaksen (omdreiningstid = 1 siderisk døgn), vil stjernehimmelen tilsynelatande stå stille i synsfeltet til kikkerten. Dreiinga vert utført av eit urverk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]