Paraskevi Patoulidou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paraskevi Patoulidou


Fødenamn Βούλα Πατουλίδου
Statsborgarskap Hellas
Fødd 29. mars 1965 (58 år)
Flórina
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Paraskevi «Voula» Patoulidou (fødd 29. mars 1965) er ein gresk tidlegare friidrettsutøvar frå Flórina i det nordlege Hellas. Ho vart olympisk meister i 100 meter hekk i 1992.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Både under friidretts-EM 1990 og VM 1991 tok Patoulidou seg til semfinalane på 100 meter, så vel som på 100 m hekk. Før dei olympiske sommarleikane 1992 i Barcelona hadde ho ein personleg rekord på 12,96 sekundar på 100 m hekk, øvinga ho konsentrerte seg om under leikane. Ho sette der personleg rekord med 12,88 då ho vart nummer tre i den andre semifinalen. I finaleløpet leia favoritten Gail Devers frå USA klart til ho snubla i siste hekken og fall over målstreken. Med eit perfekt gjennomført løp tok Patoulidou seg opp til andreplassen mellom nest siste og siste hekkepassering. Inn til mål heldt ho unna mot LaVonna Martin og Jordanka Donkova, dei to andre medaljevinnarane, og vann gullmedaljen på tida 12,64.

Etter OL-triumfen lukkast Patoulidou aldri å markere seg i internasjonale tevlingar, ho konkurrerte då oftast i lengdehopp og på 100 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1988 i Seoul: Utslått i forsøka på 100 m (11,85 =nr 41)
  • EM 1990 i Split: Utslått i semifinalane på 100 m hekk (13,07 =nr 11) og 100 m (=nr 13)
  • VM 1991 i Tokyo: Utslått i semifinalane på 100 (11,51 =nr 14) og i kvartfinalane på 100 m hekk (13,41)
  • OL 1992 i Barcelona: Gull i 100 m hekk – 12,64, framom LaVonna Martin (12,69)
  • VM 1995 i Göteborg: Utan resultat i lengdehopp
  • OL 1996 i Atlanta: Nr 10 i lengdehopp – 6,37 m
  • VM 1997 i Aten: Utslått i lengdehopp (5,90 m =nr 36)
  • VM 1999 i Sevilla: Utslått i kvalifiseringa i 4 x 400 m stafett
  • OL 2000 i Sydney: Utslått i forsøka på 100 m (11,65 =nr 46)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]