Parthenon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 37°58′17″N 23°43′34″E

Parthenon i 1978.
Parthenon dominerer Akropolis-ruinane i Aten.

Parthenon (gresk Παρθενών) er eit gresk tempel til Pallas Athene som blei oppført mellom 447 f.Kr. og 433 f.Kr.Akropolis i Aten, der Athene var vernegudinne. Det offisielle namnet bygget var «tempelet åt jomfru Athene», og namnet «Parthenon» kjem frå det greske ordet parthenos som tyder jomfru. Parthenon er ein av verdas mest berømte bygningar, snart 2500 år gamal, og heile Akropolis vart oppført på UNESCO si liste over verdsarv i 1987.

Dagens tempel erstatta eit eldre, uferdig tempel (Før-Parthenon) vigd til same gudinne som vart rasert av persarane i 480 f.Kr., som i sin tur hadde erstatta eit enno eldre, mindre Athenetempel. I tillegg til å fungera som tempel hadde det også ei rolle som skattkammer.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]