Pascal Couchepin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pascal Couchepin
Pascal Couchepin, 2009.jpg
Fødd5. april 1942 (78 år)
Martigny
Statsborgar avSveits
PartiDet frie demokratiske partiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversité de Lausanne
BarnAnne-Laure Couchepin Vouilloz
VervPresident i Sveits 2003-2003
FøregangarKaspar Villiger
EtterfylgjarJoseph Deiss
VervPresident i Sveits 2008-2008
FøregangarMicheline Calmy-Rey
EtterfylgjarHans-Rudolf Merz

Pascal Couchepin (fødd 5. april 1942) er ein sveitsisk politikar. Han vart med i den sveitsiske regjeringa, Føderasjonsrådet, i 1998. I 2003 og igjen i 2008 hadde han den rullerande posten som president i Sveits. Han kjem frå den franskspråklege delen av Sveits. Han representerer det liberale partiet Det frisinna demokratiske partiet.

Couchepin vart fødd i Martigny i kantonen Valais. Han fullførte jusutdanning ved universitetet i Lausanne i 1968. I 1979 vart han vald inn i parlamentet i Sveits. Frå 1989 til 1996 var han parlamentarisk leiar for partiet sitt. 11. mars 1998 vart han vald inn i Føderasjonsrådet. Frå 1998 til 2002 var han finansminister, frå då av innanriksminister.

Couchepin er gift med Brigitte Rendu, frå Frankrike. Dei har tre born.