Pasientsky

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

PasientSky (Patientsky AS)[1] er eit norskeigd aksjeselskap som leverar utvikling, sal og drift av programvare, maskiner, varer og tenester til helsesektoren. Selskapet blei skipa 14.april 2014, og vart registrert i enhetsregisteret 22.mai 2014 ifølgje Brønnøysundregistra.[2] PatientSky AS har kontor i Oslo og Sandane.

PatientSky AS er for publikum kjent som PasientSky – ein plattform for bestilling av timar, reseptar, video-konsultasjonar og e-konsultasjonar på nett. PasientSky krev innlogging på trygt vis via BankID eller Buypass.

Driftsleverandør og databehandlar for PasientSky er PatientSky Hosting AS.[3] 

Dagleg leiar i PatientSky AS per august 2019 er Jesper Melin. Største aksjonær er Melin Holding AS.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. organisasjonsnummer 813 672 782, arkivert frå originalen 8. desember 2015, henta 2. desember 2015 
  2. Brønnøysundregistrene
  3. PatientSky Hosting AS
  4. arkivkopi, arkivert frå originalen 8. desember 2015, henta 2. desember 2015 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]